Hopp til innhold

Mann knivrana av tre menn i Bergen

Ein mann vart trua med kniv og rana av tre menn i Repslagergaten i Sandviken like før midnatt. Gjerningspersonane er framleis på fri fot.

Sandviken

Klokka 23.45 fekk politiet melding om at ein mann var blitt trua med kniv og rana av tre menn i Repslagergaten i Bergen.

– Dei trua til seg ein mobiltelefon og ein lommebok ifrå han, seier operasjonsleiar, Knut Dahl Mikkelsen.

Utsett for ran

Den fornærma er mann på 32 år og skal vera eit tilfedlig offer. Han tok sjølv kontakt med politiet, og forklarte at han hadde blitt utsett for eit ran.

– Tre menn tok kontakt med han. Den eine personen greip tak i han og ein annan heldt fram ein 10 cm lang kniv mot han. Då vart trua til å gje frå seg det han hadde på seg av verdisaker, seier Mikkelsen.

Rykka ut til Sandviken

Mannen er fysisk uskadd.

– Han kom sånn sett greitt frå det, men han har fått seg ein støkk etter å ha blitt trua med kniv, seier Mikkelsen.

Politiet rykka ut med fleire patrulje og hundepatrulje til staden. Dei søkte i området der, men fann ingen. Politiet har så langt ikkje arrestert nokon i saka og er framleis på jakt etter gjerningsmennene.

Det var ingen vitne til sjølve ranet.

Laster Twitter-innhold

Ranarane vert skildra som:

  • Unge menn med eit «nordisk utsjånad» med bergensdialekt.
  • Ca i 18 års alderen, tynne og ca. 170 cm høge.
  • Dei tre hadde ungdomsklede som hettegenser og saggebukse.