Hopp til innhold

Til sjukehus etter arbeidsulukke

Naudetatane rykka ut til to arbeidsulukker på 20 minutt. Ein person fekk ein stabel med glas over seg, medan ein 18 år gamal mann kom i klem under ei gravemaskin.

arbeidsulukke i blomsterdalen

Politi og ambulanse har rykka ut to til arbeidsulukker. Den eine i Blomsterdalen, den andre på Os.

Meldinga om ulukka på Os kom inn til naudetatane like etter klokka 13.00. Ein mann skal ha komme i klem under ei gravemaskin på Os.

Politi og ambulanse er på veg til staden.

Klemskader i fot

– Vi har no fått melding om at andre personar på staden har fått mannen laus. Men vi veit ikkje noko om skadeomfanget enno, seier operasjonsleiar Bjarte Rebnord til NRK.

Han fortel at arbeidsulukka har skjedd i området ved Lysekloster

Klokka 13.40 fortel politiet at mannen har fått klemskader i ein fot. Arbeidaren er 18 år gamal og får behandling på staden.

Til sjukehus

I Blomsterdalen er ein person sendt til Haukeland sjukehus etter å ha fått glas over seg under arbeid ved Espehaugen.

– Han skal ha komme i klem mellom ein truck og 50 og 100 kilo med glas, men om det har knust eller ikkje kjenner vi ikkje til. Vi kjenner heller ikkje skadeomfanget, seier Rebnord.

Han seier personen vart sendt til sjukehus før patruljen var på staden.

Arbeidstilsynet er varsla i begge sakene og dei vil følga opp. Politiet opprettar sak og etterforskar.

Saka blir oppdatert!