Hopp til innhold

Mann i 80-åra til Haukeland

Politiet opplyser at føraren som køyrde inn i ein fjellvegg i nærleiken av Erdal skole på Askøy er ein mann i 80-åra. Han blir køyrt til Haukeland sjukehus. Skadeomfanget er framleis ukjent, men mannen skal ha vore oppe å gått. Politiet skriv at det truleg har vore eit sjukdomstilfelle, og at dei opprettar sak.