NRK Meny

Mann i 60-åra omkom

Ein mann i slutten av 60-åra omkom etter ei ulukke i Fana natt til søndag. Mannen vart meldt sakna like etter midnatt, og det vart sett i gong ein større redningsaksjon ved Stendavatnet. – Mannen vart funnen i vatnet omtrent ein time seinare, og send til Haukeland sjukehus. Der vart han erklært død. Politiet mistenker ikkje at det har skjedd noko kriminelt, seier operasjonsleiar Bjarte Rebnord i Vest politidistrikt.

Siste video

Aune og Vebjørn Sand med lågterskel kunstutstilling i Bergen.
Programleder er Mariann Reikerås.