Hopp til innhold

Mann i 40-åra politimeld

Politiet rykka ut til Håkonsgaten i Bergen sentrum i natt, etter at eit vitne hadde sett ein mann gåande rundt med eit våpen. Det viste seg å vera eit leiketøysvåpen, men mannen i 40-åra vart likevel politimeld, opplyser operasjonsleiar Arve Samsonsen i Vest politidistrikt.