Mann gjennom isen i Kvinnherad

Ein 28 år gamal mann er kritisk skadd etter å ha gått gjennom isen. Han skal ha lege oppimot ein halvtime i fjorden.

Mann berga opp på land etter å ha gått gjennom isen

LIVREDNING: Ein mann får livreddande førstehjelp etter å ha vorte berga opp av fjorden ved Valen i Kvinnherad.

Foto: Trygve Hansen

Det vart onsdag føremiddag sett i gang ein større redningsaksjon etter at ein person hadde gått gjennom isen ved ei båthamn på Valen i Kvinnherad.

– Ein mann vert tatt hand om av folk på land, opplyste Bjørn Magnussen, redningsleiar ved Hovudredningssentralen for Sør-Noreg til NRK.no då redningsaksjonen pågjekk.

Til sjukehus

Like før klokka 13 blei mannen frakta til Haukeland sjukehus med helikopter. Han er kritisk skadd, opplyser sjukehuset onsdag kveld.

Mannen skal ha lege i sjøen i mellom 20 og 30 minutt før han vart berga opp på land.

Politiet fekk melding om hendinga 11.50 onsdag føremiddag, etter å ha vorte varsla av AMK i Haugesund.

– Våre opplysningar tyder på at mannen skal ha gått gjennom isen i fjorden utanfor Valen, seier Janne Steimler Sætre ved Hordaland politidistrikt.

Skal ha vore aleine

– Det vart straks sett i gang livreddande førstehjelp på staden. Det arbeidet går føre seg framleis, seier Steimler Sætre like før klokka 13.00.

Politiet har sperra av eit større område. Mannen skal ha vore åleine då ulukka skjedde.

Eit redningshelikopter vart sendt frå Hovudredningssentralen på Sola.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.