Hopp til innhold

Mann funnet med store hodeskader

  • VALDSSIKTA SLEPPT FRI:

    Mannen som er sikta for vald mot ein 39 år gamal mann i Damsgårdsveien denne veka, er sleppt fri av politiet. Det skriv Bergensavisen. – Vilkår for fengsling er ikkje til stades, men siktinga gjeld framleis, seier politiadvokat Janne Heltne til avisa. 39-åringen vart lagt inn på Haukeland med alvorlege hovudskadar onsdag.

  • FRAMLEIS I ARRESTEN:

    Mannen som er sikta for vald mot ein 39 år gamal mann i Damgårdsveien i Bergen, sit framleis i arresten. Det fortel politiadvokat Janne Heltne til NRK no i ettermiddag. – I morgon tek vi stilling til om vi skal framstille han for fengsling, seier ei ordknapp Heltne. Den 39 år gamle mannen vart funne med store hovudskadar og er innlagt på Haukeland sjukehus.

  • EIN MANN ARRESTERT:

    Politiet har arrestert og sikta ein mann etter valdsepisoden i Damsgårdsveien. – Han er sikta for lekamsskading. Noko meir kan eg ikkje gå ut med. Vi er i ei tidleg fase av etterforskinga, seier politiadvokat Janne Heltne til NRK.

  • KRIMTEKNIKERE PÅ VEI:

    Den skadde mannen er nå kjørt til traumemottaket ved Haukeland sykehus for behandling. Politiet sier at mannen er blitt utsatt for vold, men kan foreløpig ikke si noe nærmere om hva som har skjedd. Krimteknikere er på vei til stedet.