Hopp til innhold

Mann funnen død etter leiteaksjon

Ein stor leiteaksjon på Os er avslutta, etter at ein mann 50-åra vart funnen død tysdag ettermiddag.

Leiteaksjon etter turgåar i Os

SAKNA 54-ÅRING: Leitinga har føregått i området mellom Nordmarka og Borgafjellet i Os.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Den 54 år gamle mannen som vart meld sakna på Os i går, vart funnen død rundt klokka 17.30 tysdag ettermiddag.

Det var mannskap frå politiet, som søkte med hund, som fann den døde. Jan Tore Heggholmen i Vest politidistrikt opplyser at den omkomne er identifisert, og at det er mannen dei leitte etter som vart funnen.

Politiet seier til NRK at dei næraste pårørande er varsla, og at dei ikkje har mistanke om at det har skjedd noko kriminelt rundt dødsfallet.

Godt kjent

Familien melde mannen sakna etter at han ikkje kom heim frå ein tur i området mellom Nordmarka og Borgafjellet i Os, som avtalt måndag.

54-åringen gjekk frå heimen sin i Nordmarka rundt klokka 12 måndag føremiddag. I 17-tida vart Røde Kors varsla og engasjert i leiteaksjonen.

– Mange auge har leitt

Området det vart leitt i har mange turmoglegheiter, med stiar på kryss og tvers.

Eit Sea King-helikopter vart i 21-tida måndag sett inn i leitinga, i tillegg til Luftambulansen og store mannskap på bakken. Mannskap har søkt i eit ganske stort og krevjande område med bratte fjell og skrentar og tett vegetasjon.

– Så det har vore utfordrande å leita, seier Kjetil Øyri i Vest politidistrikt.

Store mannskap søkte etter ein mann i 50-åra i Os kommune.

OS: Ein mann i 50-åra var sakna i dette området etter at han drog på tur i 12-tida måndag.

Mange var med i leitinga

Om lag 50 personar deltok måndag i den organiserte leiteaksjonen

– Luftambulansen har vore med i søket, og brannvesenet har vore oppe med drone, fortel Arve Samsonsen ved operasjonssentralen til politiet.

I tillegg har seks ekvipasjar frå Norske redningshundar og fleire enn 30 frivillige frå Røde Kors delteke, i tillegg til mannskap frå politiet.