Mann frakta ned frå Mårbu

Ein mann vart i går kveld køyrt ned frå Mårbu turisthytte, truleg sjuk av norovirus. – Han var dårleg då han kom og måtte snu i døra. Berre eitt tilfelle sidan i går tyder på at situasjonen har roa seg, seier Henning Hoff Wikborg i DNT.