Hopp til innhold

Mann dømd for drapsforsøk på sambuaren

Kvinna ringde 113 og fortalde at ho hadde ein kniv i nakken. No er sambuaren dømd for drapsforsøk.

Den dramatiske meldinga om knivstikkinga i Odda kom inn til politiet 18. mars i år. Ei 35 år gamal kvinne var stukken fleire gonger i nakken og vart sendt til Haukeland sjukehus i Bergen med alvorlege skader.

Den 57 år gamle sambuaren hennar vart arrestert på staden og seinare tiltalt for drapsforsøk, vald og sjikane mot kvinna.

No er han dømd til seks års fengsel i Bergen tingrett, skriv Hardanger Folkeblad.

– Tilfeldig utfall

Mannen sa seg ikkje skuldig då han i oktober møtte i tingretten. Sambuarparet skal ha hatt eit svært turbulent forhold, der mannen tidlegare var pålagt besøksforbod eitt år før knivstikkinga.

57-åringen skal også ha slått kvinna i ansiktet med knytt neve og tatt kvelartak på ho fleire gonger. 18. mars tok han også fram kniven. Ifølge dommen skal mannen først ha stukke kvinna to gonger i brystet, før han stakk kniven inn i nakken hennar.

Hardanger Folkeblad skriv at rettsmedisinar Inge Morild i ein rapport seier at valden kunne fått eit anna utfall.

«Både stikk mot brystet og nakken kunne like gjerne ha medført alvorlig skade og ev. livstruende blødning. Resultatet av stikk i disse regionane er ofte tilfeldig», skriv Morild i rapporten.

Anka dommen

Den 35 år gamle kvinna fekk nerveskadar i ansiktet og i den eine armen som følgje av knivstikkinga.

Advokat Ingrid Humerfelt Eckhoff, som forsvarar den dømde, seier til HF at dommen er anka.

– Han erkjenner ikkje straffskuld for drapsforsøk. Naturleg nok i ei så alvorleg sak er det levert inn fullstendig anke for denne posten, noko som inneber ei ny prøving av skuldspørsmålet, seier ho til avisa.