Dømd for aktlaust drap etter båtulukke

Retten meiner mannen (50) opptredde aktlaust før båtulukka i Sund i 2012 som kravde kona (44) sitt liv.

Det var natt til 25. august 2012 at ein open RIB-båt kolliderte i ein fjellvegg ved Tarlevika i Sund.

Ein av passasjerane, Line Bruvik (44) frå Bergen, blei kasta ut i samanstøyten. Same dag døydde ho av skadane.

Måndag skriv BT.no at ektemannen, som førte båten, er dømd for aktlaust drap etter ulukka.

Aktor: Tragisk ulukke

I mai i år møtte mannen til rettssak i Nordhordland tingrett. Her nekta han straffskuld for hendinga.

Aktor, Elisabeth Deinboll, seier det som skjedde først og fremst var ei tragisk ulukke.

I retten forklarte mannen at han kjende seg trygg på at han var langt vekk frå land like før båtne krasja i fjellveggen.

– Eg såg ikkje noko til fjellet før det smalt. I same augneblink som me gjekk på, blei eg først merksam på at noko var gale, og trekte av gassen.

Såg etter lys frå campingplass

Mannen fortalde vidare at han var svært godt kjend i området der det skjebnesvangre uhellet skjedde.

–Eg har vore i dette området tusenvis av gongar før. Eg var trygg på at eg kunne gå der utan fare for kollisjon.

Han styrte etter lysa frå ein campingplass på land.

–Lysa frå campingen er ei stor lyskjelde, og eg såg etter dei. Dessverre heldt eg fram med å køyre 200 meter for langt.

Einrøystes dom

Det var full semje i retten om at mannen opptredde aktlaust.

Straffa er sett til 90 dagars vilkårsbunde fengsel, med ei prøvetid på to år.

I dommen heiter det at tiltalte, som var svært godt kjend i området, burde innsett mulegheita for at det å halde fram i same fart utan å undersøkje båtens posisjon kunne medføre ei dødsulukke.

Forsvararen til 50-åringen seier til BT at klienten ikkje ønskjer å kommentere domen, ut over at han vurderer å anke.