Hopp til innhold

Mann blei sist sett medan han fiska

Ein mann i 60-åra fekk lenge gjenoppliving på ferjekaien i Skånevik i Etne kommune, men blei erklært død onsdag kveld.

Mann i 60-årene omkom i Etne

FUNNE I SJØEN: Ein mann blei berga på land av lokalt brannvesen i Skånevik i Etne. Helsepersonell dreiv lenge livredning på staden, men mannen blei onsdag kveld erklært død.

Foto: Liv Astrid H. Hesjedal / Grannar

Ein mann blei berga opp av sjøen i Etne onsdag kveld. Meldinga blei meldt inn klokka 20.15

Lokalt brannvesen var først på staden og dreiv lenge gjenoppliving på ferjekaien i Skånevik sentrum.

Klokka 21.35 opplyser Sør-Vest politidistrikt på Twitter at mannen er erklært død.

Brannvesen starta gjenoppliving

Klokka 21 var politi og ambulanse også framme på staden. Sistnemnde tok då over forsøket på å gjenoppliva mannen.

Eit Sea King-helikopter frå Sola blei rekvirert og landa på ferjekaien i Skånevik.

– Mannen blei erklært død klokka 21.20. Då hadde brannvesenet og helsepersonell forsøkt å gjenoppliva mannen sidan like over klokka 20.30, seier operasjonsleiar Tore Frøyland-Jensen i Sør-Vest politidistrikt.

Politiet gjør undersøkelser på ferjekaien i Skånevik

ETTERFORSKING: Polite gjer undersøkingar på ferjekaien i Etne etter det som framstår som ei drukningsulykke.

Foto: Liv Astrid H. Hesjedal / Grannar

Blei sist sett medan han fiska

Hendinga skal ha skjedd i nærleiken av Krambua som ligg like ved ferjeleiet i Skånevik. Politiet har ingen informasjon om kva som førte til at mannen hamna i sjøen.

Det skal ha vore forbipasserande som oppdaga mannen i vatnet.

– Politiet har vore i kontakt med vitner som seier at avdøde skal ha vore i området og fiska i sjøen. Men kvifor han har hamna i sjøen, er uklart, seier operasjonsleiar Andre Skram Hansen.

Mannen er i 60-åra og busett i Skånevik. Dei pårørande er varsla.

Den avdøde vil bli obdusert ved Gades insitutt i Bergen. Politiet vil følgja opp med vitneavhøyr torsdag.

Livlaus mann i sjøen i Etne