Hopp til innhold

La på rømmen i brannvesenet sin båt

Då tjuven blei oppdaga nekta han å stoppe. I staden la han på rømmen frå både politiet, brannvesenet og kystvakta.

Brannvesenets båt stjålet i Øygarden

SPLITTER NY: Båten som blei stelt er ikkje ein gong sett inn i operativ teneste endå.

Foto: Øygarden kommune

– Han blei oppdaga i si ferd ute i Øygarden, men ville ikkje stoppe for å bli arrestert og overlate båten til brannvesenet igjen, så han auka farten og forsvann nordover, fortel operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Arve Samsonsen.

Sidan natt til fredag har den flunkande nye båten til brannvesenet vore vekke. Den blei stelt frå ei brygge i Blomvågen i Øygarden natt til fredag.

Gjekk tom for drivstoff

Tjuven kom seg heilt over fylkesgrensa i nord, før han gjekk tom for drivstoff utanfor Utvær i Solund.

– Han gjekk litt på kryss og tvers i farvatnet der oppe før det var tomt på tanken, fortel Samsonsen.

Rundt klokka to i natt blei han arrestert. I morgontimane i dag kom han til land, og blei sett i arresten.

– Han blei henta av kystvaktfartøyet KV Aalesund, som var først på staden, fortel politiet.

Så langt reiste båttjuven

Blei også fråstelt brannbil

Båten var så ny at den ikkje ein gong var sett i operativ drift.

Brannvesenet var svært bekymra for korleis tjuveriet ville råke beredskapen deira, men no er heldigvis båten komen til rette, og forhåpentlegvis klar til bruk etter at ein har fylt på nytt drivstoff.

Det er berre nokre dagar sidan brannvesenet også blei fråstelt ein brannbil.

– Heldigvis er det ikkje ofte utstyret til politiet og brannvesenet blir stelt. Den brannbilen er også komen til rette, fortel Samsonen.