Hopp til innhold

Mann arrestert etter knivrisping

Politiet rykka i natt ut til ein leilegheit i Birkelundsbakken i Bergen, der ein mann (42) hadde blitt rispa med kniv etter ein krangel. Ein mann (47) vart pågripen og sett i arresten. 42-åringen har lettare skader etter hendinga, medan 47-åringen er kjent for politiet frå før.