Hopp til innhold
Hundesøk i Loddefjord
Foto: Jon Bolstad / NRK

Mann (62) funnet død i Loddefjord

Oppsummert

Den 12. desember 2014 vert ein mann (62) funnen død i ei leilegheit i Loddefjord i Bergen. Natt til 13. desember, klokka 4.00, arresterer politiet stesonen (29) til avdøde. Mannen er tiltalt for forsettleg drap.

  • Fekk sjokk av dødsbodskapen

    Etter å ha forlate leilegheita blodig, forklarer 29-åringen at han ikkje snakka med så mange om kva som hadde skjedd, før han las på nyheitene at ein person var drepen i Loddefjord. – Verden heldt på å rase saman. Eg fekk sjokk, seier den tiltalte.

  • – Han var i live då eg gjekk

    Den tiltalte i drapssaka seier i si forklaring at det oppstod ein oppheta diskusjon mellom dei. Til slutt skal han ha blitt angripe med kniv og dei to barka saman i ein slosskamp. – Eg slo til han i ansiktet. Det neste eg hugsar er at eg blir bedt om å komme meg ut, og han låser døra etter meg, forklarer 29-åringen.

  • Tiltalte startar forklaring

    Etter ti minutts pause startar den tiltale 29-åringen si forklaring i Bergen tingrett. Mannen erkjenner å ha vore i eit basketak i 62-åringens leilegheit, men nektar straffskuld for drap. Den tiltalte blir forsvara av advokat Sol Elden.

    Sol Elden, forsvarer
    Foto: Jon Bolstad / NRK
  • Fleire vitner og videoopptak

    Påtalemakta sit med ei rekkje bevis som plasserer den tiltalte 29-åringen i leilegheita til avdøde 12.desember 2014. – Vi har videoopptak frå fleire overvakingskamera, samt vitner som har observert den tiltalte med blodige klede, fortel aktor i si innleiing.