Like før klokka 05.00 fekk politiet melding om ei motorsykkelulukke i Wilhelm Bjerkes veg på Landås i Bergen.
Operasjonsleiar Terje Magnussen seier ein mann blei sendt til sjukehus like etter.
–Det viste seg at dette var ei alvorleg ulukke. Den skadde er frakta til Haukeland Sjukehus.
Mistenker ruskøyring
Like etter klokka 0700 la politiet ut ei ny melding om ulukka på Twitter.
Der står det at dei mistenkjer ruskøyring i samband med ulukka, og at motorsykkelen truleg var stolen.