Mann (36) tiltalt for drap på mora og drapsforsøk på faren

Maeda (63) døydde etter å ha blitt knivstukken heime. Ektemannen (59) rømte og redda livet. No vil statsadvokaten ha sonen (36) dømt til tvungent psykisk helsevern.

Maeda og åstedet

BLEI DREPEN: – Ho var ei kjempegod og omsorgsfull mor. Ikkje berre for oss i søskenflokken, men også for andre, har broren til den drapstiltalte fortald NRK om mora Maeda.

Foto: PRIVAT/SCANPIX

12. mars i år vart ei 63 år gamal kvinne funne knivdrepen på soverommet i heimen sin i Nattlandsveien i Bergen. Utanfor blokkleilegheita vart ektemannen (59) funnen hardt skadd.

No er sonen (36) deira tiltalt for drapet på mora Maeda og drapsforsøket på faren.

– Eg mista mor mi på den verste måten. Vi kom til Noreg fordi det skulle vere trygt, sa broren til drapstiltalte til NRK i april.

Drapstiltalen er tatt ut etter ordre frå riksadvokaten. Rettssaka skal gå for Bergen tingrett i februar neste år.

– Dette er openbert ei alvorleg sak. For den fornærma 59-åringen sin del var det avgjerande at han kom seg ut av leilegheita og raskt fekk livreddande behandling, seier statsadvokat Benedikte Høgseth til NRK.

Drap og drapsforsøk i Nattlandsveien

DRAP OG DRAPSFORSØK: Politi og krimteknikarar på plass i Nattlandsveien i mars i år. Politiet kom over ugjerninga tilfeldig, då dei fann ein hardt skadd mann på fortauet utanfor bustadblokka.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Brukte kniv

36-åringen vart arrestert utanfor bustadblokka i Nattlandsveien omtrent samstundes som faren fekk behandling.

Det var ein politipatrulje som tilfeldig kom forbi og oppdaga at 59-åringen stod hardt skadd på fortauet.

Den tiltalte brukte kniv i ugjerningane. Mora (63) døydde av forbløding, etter å ha fått ei «stor mengd» knivstikk fleire stader på kroppen. Faren vart råka av knivstikk i både ryggen og i brystet, ifølge tiltalen.

Forsvarar Egil Jordan seier til NRK at 36-åringen er kjent med tiltalen og innhaldet i denne. Han nektar framleis straffskuld.

Mistenkelig dødsfall.

KNIV: Krimteknikarar sikra fleire våpen dei meinte kunne ha vore brukt i angrepet på mora og faren. Den no tiltalte 36-åringen brukte kniv i drapet og drapsforsøket.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Påstand om helsevern

Statsadvokaten varslar at ho vil be tingretten dømme 36-åringen til tvungent psykisk helsevern.

Høgseth forklarar at det er fordi sakkunnige har slått fast at 36-åringen var psykotisk under drapet og drapsforsøket. Det er berre sett av tre dagar til saka i tingretten.

– Faktum i saka er greitt avklart, seier Høgseth, som vil kalle inn ei handfull vitne.

Den tiltalte har fått hjelp av helsevesenet heilt sidan han vart varetektsfengsla i mars.

Familien har tidlegare fortald til NRK at dei ikkje har følt seg høyrde av helsevesenet, når dei varsla om 36-åringens helsetilstand før drapet skjedde.

– For meg, så var han ei bombe som kunne sprenge når som helst, fortalde broren til NRK.