NRK Meny
Normal

Mann (34) døydde etter gatevald

Marcin Dudek (34), som i helga vart slått ned på gata i Bergen, døydde torsdag ettermiddag.

Mann døydde etter gatevald

DJUP SORG: Førde-verksemda Nordvest Miljø minnast 34 år gamle Marcin Dudek som døydde av skadene han fekk. Natt til søndag blei han utsett slegen ned utanfor ein pub i Bergen.

Foto: Eirin Aardal / NRK

Den 34 år gamle mannen busett på Sande i Sunnfjord, døydde like over klokka 15 torsdag av skadane etter at han natt til søndag vart slått ned utanfor Vaagen Pub ved Strandkaien i Bergen.

Det stadfestar kommunikasjonsavdelinga ved Haukeland Universitetssjukehus ovanfor NRK. Dei pårørande skal vere varsla om dødsfallet.

– I dag er vi alle i djup sorg. Det var ein tung bodskap å gje og få, seier avdelingsleiar Kai Apelseth i Førde-verksemda Nordvest Miljø, der mannen var tilsett.

– Betyr lite for siktinga

Vaagen pub

ÅSTAD: Mannen vart slått ned utanfor Vaagen Pub ved Strandkaien i Bergen sentrum.

Foto: Hanne Hagen Rotnes / NRK

Påtaleansvarleg i saka, politiadvokat Trond Eide, seier dødsfallet ikkje får store konsekvensar for strafferamma for den sikta 27-åringen.

– Dødsfallet betyr lite for siktinga. Slik saka står, er det ikkje grunnlag for å tru at gjerningsmannen har hatt ønske om å drepe 34-åringen, seier Eide til NRK.

Den døde 34-åringen vil no bli undersøkt av rettsmedisinarar, og Eide understrekar at etterforskinga framleis går føre seg. Den sikta 27-åringen nektar straffskuld, og skal i avhøyr ha forklart at han handla i naudverje.

Alvorlege hovudskadar

Dudek var på firmatur med arbeidskollegaene i Førde-verksemda Nordvest Miljø då han vart funnen medvitslaus på gata. Han vart sendt til Haukeland med alvorlege hovudskadar.

Situasjonen har etter hendinga vore kritisk for mannen, og han har kjempa for livet på sjukehuset sidan helga.

Ein 27 år gamal mann vart like etter valdshandlinga pågripen, mistenkt for ugjerninga. Han er no varetektsfengsla i fire veker sikta for lekamskrenking under særskilt skjerpande omstende.

– Me er svært interessert i å kome i kontakt med fleire vitne til hendinga, seier politiadvokat Trond Eide.

Såg valden

Den sikta 27-åringen, som er frå Litauen, nektar straffskuld og hevdar han handla i naudverje. Seksjonsleiar Rigmor Isehaug ved Bergen politistasjon opplyste etter varetektsfengslinga at siktinga ville bli endra.

Avdelingsleiar ved Nordvest Miljø i Førde, Kai Apelseth, skildra hendinga som blind vald. Eide seier til NTB at dei ikkje kan sjå at det var noko utløysande årsak til valden.

Apelseth og fleire kollegaer var saman med familien til Dudek tilstades ved sjukehuset då 34-åringen vart stadfesta død klokka 15.10 i går. Han seier verksemda er prega av tapet av ein god kamerat og kollega.

– Ein klamrar seg alltid til håpet så lenge det er der. Dette er frykteleg tungt, seier han til NRK.no.

Kvinne stogga gjerningsmannen

Eitt av vitna til episoden har fortalt at 34-åringen først vart dytta opp mot ein vegg, før han fekk fleire harde slag retta mot seg.

Ei kvinne som var i området fekk med seg både valden og at gjerningsmannen la på sprang.

Ho tok opp jakta og hjelpte politiet med å halde på den sikta 27-åringen til politiet kom til staden.

Siste video

Programleder er Mariann Reikerås
.....på kaien ventet familien.
Aksjon mot det politiet mener er asylsøkere som har oppgitt feil hjemland. Se sendingen med programleder Jan Børge Leirvik.