Hopp til innhold

Mann (33) ankar overgrepsdom

Den tidlegare barnehageassistenten som vart dømd til ti års forvaring etter overgrep i to bergensbarnehagar, ankar delar av dommen. Mannen vart dømd for overgrep mot sju gutar, men erkjente berre straffskuld for fem av dei. – Han ankar dei postane han har nekta straffskuld for og vi er også usamde i at han blir dømd til forvaring, seier forsvarar Einar Raaen til NRK.