Hopp til innhold

Mann (29) takka nei til å bli sleppt fri frå fengsel

Politiet ville lauslata 29-åringen som er sikta for menneskehandel, men sjølv likar han seg best bak murane.

Bergen fengsel

VIL BLI: Mannen har vore fengsla i ti månadar, og trivst godt med soningsforholda i Bergen fengsel.

Foto: Arne Frank Solheim

Det er Bergens Tidende som skriv om den noko spesielle varetektsfengslinga i Bergen tingrett. Ein 29 år gamal mann av utanlandsk opphav har i ti månadar vore varetektsfengsla, sikta for å ha truga og utnytta fleire kvinner til prostitusjon.

Men no er saka etterforska og oversendt statsadvokat for tiltalevurdering. Politiet ville sleppa fri 29-åringen frå varetekt, men det ynskja ikkje den sikta sjølv.

Trivst med soningsforholda

Mannen har gjennom sin forsvarar gjort det klart at han ikkje ønskjer å bli sleppt fri no.

««Han har opplyst at han har solgt sin bolig, samt at han er tilfreds med forholdene under varetekt og at han får oppfølgning i fengselet som han ønsker å benytte seg av videre», står det i rettsdokumenta ifølge BT.

Politiet var heller innstilt på å lauslate 29-åringen, og deretter pålegge han besøksforbod mot kvinnene som er involvert i saka. Dette fordi det vil ta noko tid før saka eventuelt kjem opp i Bergen tingrett.

Ønsket innvilga

Men tingretten legg vekt på at den sikta sjølv ønskjer å halda seg bak murane, og dommaren har bestemt at han skal sitta i varetekt i fire veker til.