Mann (28) omkom etter å ha gått gjennom isen i Kvinnherad

Den 28 år gamle mannen som datt gjennom isen ved Valen i Kvinnherad i går har omkome.

Mann berga opp på land etter å ha gått gjennom isen

OMKOMEN: Mannen (28) som datt igjennom isen ved Valen i Kvinnherad i går er omkomen.

Foto: Trygve Hansen

Det melder Helse Bergen i dag.

Mannen har vore innlagt på Haukeland sjukehus sidan i går med kritiske skader.

Onsdag føremiddag datt 28-åringen gjennom isen ved ei båthavn i Kvinnherad.

Politiet fekk melding om hendinga 11.50 onsdag føremiddag, etter å ha vorte varsla av AMK i Haugesund.

Han skal ha lege i det kalde i vatnet i opp mot ein halvtime.

Etter han var henta opp frå vatnet, blei det straks sett i gong førstehjelp.

Klokka 1300 blei mannen frakta med helikopter til Haukeland Universitetssjukehus.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.