Hopp til innhold

Mann (26) sikta for fem ran i Bergen

Politiet har arrestert og sikta ein 26 år gamal mann for fem ran i Bergen den siste tida.

7-Eleven på Støletorget i Bergen

7-Eleven i Ladegårdsgaten i Bergen har blitt rana tre gonger på ein månad. No er ein 26 år gammal mann tatt for alle dei tre rana, pluss to kioskran på Engen.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

26-åringen blir framstilt for varetektsfengsling i morgon, onsdag, i Bergen tingrett. Det opplyser Hordaland politidistrikt i ei pressemelding.

Mannen vart arrestert måndag og er sikta for fem ran som er gjort i Bergen den siste tida:

Ransbølge

Det har vore ei ransbølge i Bergen sentrum i haust. Også Deli De Luca i Torggaten og Esso-stasjonen i Kanalveien har hatt ubedne og trugande gjester på besøk.

26-åringen som blir framstilt for fengsling i morgon skal ha brukt anten kniv eller ei sprøyte til å truga personalet med under rana. Han har fått med seg eit mindre pengebeløp kvar gang.

Også andre stader i fylket har ransmenn vore på ferde. På Voss vart ein bensinstasjon rana av fire unge menn for knappe to veker sidan. Her er alle blitt arrestert og sikta av politiet.

Tidlegare domfelt

Fengslingsmøtet byrjar klokka 09.00 i Bergen tingrett onsdag morgon. Trine-Benedikte Opdal er politiadvokat.

Den arresterte mannen er tidligare domfelt for ran av kiosk.