Hopp til innhold

22-åring døydde etter båtulukke i Vågen

Den 22 år gamle mannen som blei funnen medvitslaus i ei fiskeskøyte førre veke omkom onsdag kveld. Politiet mistenkjer kolosforgifting.

Tre personer funnet bevisstløse på Bryggen

HENTA UT: 22-åringen blei funnen medvitslaus med to andre personar i ei fiskeskøyte ved Bryggen i Bergen.

Foto: Christian Kråkenes / NRK

23. august blei mannen funnen medvitslaus i ei fiskeskøyte som låg til kai ved Bryggen i Bergen. Også to andre personar, ein mann på 22 år og ei 28 år gamal kvinne blei henta ut medvitslause ut av båten.

Onsdag kveld omkom 22-åringen, og dei pårørande er varsla, skriv BA.

LES OGSÅ: Tre personer kritisk skadd etter ulykke på båt

Alle tre funne medvitslause

Alle dei tre er frå Nordhordland. Dei to andre passasjerane er lettare skadde.

Det var like før 12.30 onsdag førre veke at politiet fekk melding om at tre personar var funne medvitslause i fiskeskøyta. Tilfeldigvis var mannskap frå Bergen brannvesen i nærleiken og fekk henta ut dei tre, saman med varslaren som var ein slektning.

Brannmannskapet målte høge konsentrasjonar av gass inne i fiskeskøyta, noko som gjorde redningsarbeidet vanskeleg. Alle tre var kritiske skadde då dei blei henta ut av skøyta.

Mistenkjer kolosforgifting

Kva som er årsaka til ulukka er framleis uklart, men ein av politiet sine mest sentrale teoriar er at dei tre blei forgifta av ein gasslekkasje i båten medan dei sov. Gassen CO, også kalla kolos eller karbonmonoksid, er fargelaus, luktfri og svært giftig. Førebels kan verken Haukeland universitetssjukehus eller politiet stadfeste sikkert at det er årsaka.

Saka vil blir etterforska vidare. Mellom anna skal det takast fleire undersøkingar av båten dei tre blei funne i. 22-åringen som omkom var ein av eigarane av fiskeskøyta.

Saka blir oppdatert.