NRK Meny

Mann (20) angreip politiet

Klokka 03.12 fekk politiet melding om ein livlaus person på ein utestad på Stord. – Då politiet kom, bråvakna han, og det blei eit ordentleg basketak, fortel operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt Trond Friberg. Mannen (20) skal ha prøvd å sparka, bita og skalla politiet, som måtte bruka to patruljar på han. Mannen er mistenkt for bruk av narkotika, og skal avhøyrast i dag.