Hopp til innhold

Mann (19) slått i hovudet med flaske

Ein mann (19) vart slått med flaske i hovudet i Bergen sentrum i natt. – Han blødde kraftig, opplyser politiet.

Politiet fekk melding om hendinga som skjedde i Vestre Torggate klokka 00.32.

– Ein vakt på Fotballpuben melde ifrå om at ein mann vart blitt slått i hovudet med ei flaske. Han hadde kuttskadar og blødde kraftig frå hovudet, opplyser operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Eivind Hellesund.

Den 19 år gamle mannen vart køyrd vekk i ambulanse, men politiet veit ikkje noko meir om skadeomfanget.

Gjerningsmannen stakk frå staden, og politiet har leita etter han i heile natt.

– Etter ei stund fann me ut kven den antekne gjerningsmannen var, og klarte å pågripe han på heimeadressa hans, seier Hellesund.

Mann slått ned på Stord

På Leirvik på Stord måtte politiet klokka 02.30 rykka ut til melding om at ein mann i 20-åra var blitt slått ned.

Ein person vart raskt pågripen, opplyser politiet på Twitter.

Mannen i 20-åra vart sendt til Stord sjukehus etter episoden, men det skal ikkje vera snakk om alvorlege skader, ifølge politiet.