NRK Meny
Normal

Mann (19) omkom etter badeulukke på Stord

Ein 19-år gammal mann har omkomme etter ei badeulukke i Ådlandsvatnet like ved Leirvik på Stord.

Ådlandsvatnet ulukke

ÅDLANDSVATNET, STORD: Ein person gjekk under vatn i samband med leik i Ådlandsvatnet på Stord. Han er henta opp og får fyrstehjelp på staden.

Foto: VILDE HJERTHOLM LUNDE / Sunnhordland

Nødetatane rykte i går kveld ut etter melding om ei badeulukke ved Ådlandsvatnet like ved Leirvik på Stord.

Mannen blei henta opp av vatnet og flogen med luftambulanse til Haukeland sjukehus.

Klokka 9.15 opplyser sjukehuset at den 19 år gamle mannen er død. Pårørande er varsla.

Omkom etter leik i vatnet

Ulukka skjedde på ein badeplass ved Ådlandsbrua langs E 39.

– Me tok i mot ei melding klokka 18.22 om at ein ung mann hadde gått under vatn i Ådlandsvatnet i samband med leik. Han kom ikkje opp att, seier operasjonsleiaren.

– Alle nødetatane er på staden, og klokka 18.34 fekk me melding om at den unge mannen er tatt opp til land. Det blir arbeida på staden med fyrstehjelp, sa Reitan til NRK i går kveld.

Klokka 19.43 opplyste operasjonsleiaren om at mannen er alvorleg skada. Han vart flytta over i luftambulanse og frakta til Haukeland sjukhus.

Ifølgje Haugesund avis kom ein legevaktslege tidleg til staden og stupte uti for å hente opp 19-åringen. Då var det gått elleve minutt sidan ulukka blei meldt. Mannen blei funnen på ni – ti meters djup, ifølgje avisa.

kart

ÅDLANDSVATNET, STORD: Ein person gjekk under vatn i samband med leik i Ådlandsvatnet på Stord. Han er henta opp og får fyrstehjelp på staden.

Siste video

Se forskerne undersøke hvalen
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.
Programleder: Mariann Reikerås