Manglar milliardar for å realisere Sotrasambandet

Det nye Sotrasambandet står i fare om ikkje staten spyttar inn langt meir pengar enn dei har lova så langt. – Eg er bekymra, seier Fjell-ordføraren.

Nye Sotrabrua

DYRARE: Det ny Sotrasambandet vil krevje langt meir midlar frå staten enn tidlegare planlagt. Her er gamlebrua til venstre, medan den nye og større brua ligg til høgre.

Foto: Statens vegvesen / Illustrasjon

Nye utrekningar viser at staten sitt bidrag til det nye Sotrasambandet er meir enn 2,5 milliardar lågare enn det som krevst for å realisere prosjektet.

– Sotrasambandet er blitt eit stort og omfattande prosjekt, og vi har lenge ana at den statlege delen som ligg i Nasjonal Transportplan (NTP) er for låg, seier ordførar i Fjell, Marianne Sandal Bjorøy frå Arbeidarpartiet.

Eitt år til byggestart

Då det blei sett av pengar i Nasjonal Transportplan (NTP) i 2013, blei champagnen spretta på Sotra. 2,1 milliardar kroner rekna ein med at staten skulle bidra med.

Dei siste månadene har Bjorøy forstått at finansieringa ikkje er like sikker som ein tidlegare har trudd. Det er berre eit år att til planlagt byggestart i 2017.

Marianne Bjorøy

KJEMPAR: Ordførar Marianne Sandal Bjorøy jobbar no for å få staten til auke løyvingane slik at det nye Sotrasambandet kan bli realitet.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

– Utrekningane som no sendt ut til høyring til kommunane viser at den delen må vesentleg opp dersom ei skal klare å finansiere Sotrasambandet, seier samferdsledirektør i Hordaland fylkeskommune, Håkon Rasmussen.

– Staten må betale

Om bompengetaksten ikkje blir vesentleg høgare, må staten ut med 2,6 milliardar meir enn dei rekna med for under tre år sidan. I alt er det snakk 4,7 milliardar av totalsummen på 8,9 milliardar.

Sjølv om ein hadde dobla bompengane på den nye Sotrabrua, ville det ikkje vere nok til å gjere opp for dei nye kostnadane.

– Reknestykket viser at staten må auke innsatsen dersom prosjektet skal finansierast. Dersom det ikkje skjer, må vi gå tilbake og sjå på kva moglegheiter vi har, seier Rasmussen.

Fleire elbilar og nullvekst i trafikken

Det er ingeniør Helge Hopen som står bak utrekningane.

– Ei side av saka er at prisen har auka frå sju til rundt ni milliardar kroner, samtidig som ein må justere ned inntektene på grunn av fleire elbilar og målet om å avgrense trafikken inn til bergensområdet, seier Hopen.

Planen er at det med full rabatt skal koste rundt 45 kroner i bompengar å passere sambandet.

Helge Hopen

Ingeniør Helge Hopen har gjort utrekningane som viser mangelen på finansiering.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Kan ikkje lova meir pengar

For dei som dagleg pendlar mellom Bergen og Sotra, og i tillegg må gjennom bomringen i Bergen i rushtida, vil dei totale bompengeutgiftene passere 28.000 kroner i året.

Ordførar Bjorøy i Fjell meiner dei allereie er nær smertegrensa når det gjeld bompengetakst.

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) seier til NRK at han ikkje kan lova 2,5 milliardar ekstra til Sotrasambandet.

– Me må får sjå kva kostnadane blir når Vegvesenet er ferdige med sitt arbeid. Me er opptekne av å halde kostnadane nede.

Siste video

Brann har inngått avtale med Nike - og med på kjøpet kommer helt nye røde trøyer.
I sesongens siste Skavlan er det duket for landskamp mellom Norge og Sverige: Hvem husker mest fra Skavlan-året? På norsk lag stiller Harald Eia og Josefine Pettersen.
Overvåkningsbilder viser hvordan en bilist kjørte inn inngangen på Fløibanen i Bergen.