NRK Meny
Normal

Manglar allergivennleg mat til sjuke barn

Foreldre reagerer på manglande mattilbod for allergikarar på Barneklinikken på Haukeland. Sjukehuset beklagar.

Allergimat

LITE UTVAL: For barn med mjølke- eller glutenallergi er det lite mat å velja mellom på barneklinikken på Haukeland. Åtte år gamle Andreas Hjortland toler ikkje mjølk og sjukehuset hadde lite å tilby guten.

Matutvalet for barn med matallergiar er for dårleg på barneklinikken på Haukeland sjukehus, meiner Linn Catrin Pedersen frå Bergen.

Helga for ei veke sidan var sonen hennar Andreas Hjortland på 8 år innlagt på barneklinikken på Haukeland. 8-åringen toler ikkje mjølk og barneklinikken hadde dermed lite å tilby som sonen hennar kunne eta.

– Her har han fått ei kjøttkake og litt gulrot, utan saus sjølvsagt, seier Pedersen og viser fram eit mobilbilete frå helga då sonen var innlagt på barneklinikken.

– Det var ikkje noko tilbod til han i denne buffeen som dei har der oppe, forklarer Linn Catrin Pedersen.

– Kva synest du om det?

– Eg synest det er litt dårleg. Me har kome til 2014, det er veldig mange som har mjølke- og glutenallargi, og då bør dei ha tilbod til alle dei som er innlagt, seier Pedersen.

Sjukehuset beklagar

– Først og fremst beklagar eg at ho ikkje har fått eit kosthald til barnet som var så variert som ho, og me, skulle ønska i denne situasjonen, seier klinikkoverlege Hallvard Reigstad ved Barneklinikken.

Han meiner dei har fokus på matallergiar, men legg til at mattilbodet i helgene er meir avgrensa enn på kvardagane.

Klinikkoverlege Hallvard Reigstad

Klinikkoverlege Hallvard Reigstad ved Barneklinikken beklagar at sjukehuset ikkje kunne tilby sonen meir variert og tilpassa mat.

Foto: Espen Hatlestad / NRK

– Me har eit veldig godt samarbeid med sentralkjøkkenet på Haukeland slik at me får råvarer når me får litt tid på oss, men me kan diverre ikkje skaffa eit utval som er så stort at eit barn med spesielle behov kan få eit like variert kosthald som eit barn som ikkje har spesielle restriksjonar på kva det kan eta, seier Reigstad.

Tok sjølv med mat til sonen

– Heldigvis gjekk det bra for han, han er 8 år gammal, dei hadde brødmat og han kunne eta middagen. Men det er veldig kjedeleg å sjå på at alle dei andre borna er pannekaker, yoghurt og slike ting og han har ingen alternativ, seier Linn Catrin Pedersen.

– Han var i tillegg ganske dårleg, så det var greitt for han å kunna få yoghurt som berre glei rett ned, så eg hadde til slutt med meg min eigen opp så han kunne få i seg litt yoghurt, fortel Pedersen.

– Allergi er meir vanleg no enn tidlegare

Overlege Jan Gunnar Hatlebakk seier allergi er meir vanleg no enn det var før. Og som oftast utviklar me allergiar i barneåra.

– Viss du skal unngå allergi, så må du utvikle toleranse i barneåra. Du møter forskjellig type mat, og kroppen må lære seg at det er noko som er bra for den og at den skal tole det. Det kan verke som foreldre ikkje er flinke nok til å eksponere barna sine for fleire typar mat på rett måte, seier Hatlebakk.

Ein bør mistenkje allergi dersom magesmerter, kvalme og diare gjentek seg etter eit måltid. Hos vaksne er det mest vanleg med matintoleranse.

– Det mest typiske allergikarar reagerer på er mjølkeprodukt, kveite, fisk og skaldyr. I den vaksne gruppa der det oftare er snakk om intoleranse, er det ofte slike ting som feit og tung mat, i tillegg til kveite og ein del grønsaker.

Det finst ingen medisinar i dag som kan fjerne eller fullstendig motverke allergi.

– Det mest logiske er jo å halde seg unna det ein ikkje toler, seier Hatlebakk.

Siste video

Bilder med tillatelse fra TV2
Hovedfeltet på vei opp Laksebakken under sykkel-VM søndag 24. september
Se innspurten fra U23 rittet - bilder med tillatelse fra TV2