Manglande støtte i partiet bidrog til at KrF-toppen melde seg ut

Fylkesvaraordføraren i Hordaland skulda på nasjonal ørkenvandring som årsak til KrF-utmelding. No vedgår han at manglande støtte mot neste års val også spelte inn.

Pål Kårbø og Knut Arild Hareide på KrFs landsmøte 2017.

UTE: Pål Kårbø (til venstre) har meldt seg ut av KrF for å bli politikar i Høgre. Her i samtale med partileiar Knut Arild Hareide.

Foto: Ned Alley / NTB scanpix

Fylkesvaraordførar i Hordaland, Pål Kårbø, varsla for ei knapp veke sidan at han melder seg ut av Kristeleg Folkeparti.

Etter 23 år i partiet, mellom anna som fylkesleiar og medlem i sentralstyret, var den offisielle grunngjevinga partiet si vegring mot å velja side i rikspolitikken. Kårbø skal no skifta parti til Høgre.

Men det finst fleire årsaker til den oppsiktsvekkande utmeldinga, som har skapt sterke reaksjonar internt i KrF.

NRK har fått innsyn i første nominasjonsrunde i partiet. Fasiten viser at ei rekkje lokallag i Hordaland og Sogn og Fjordane ikkje ville ha varaordføraren på nokon av dei fire første plassane på lista.

Nominasjonskamp i motbakke

Det er 27 lokallag som har kome med innspel:

  • Åtte ønskte dagens fylkestopp i Sogn og Fjordane, Trude Brosvik, som toppkandidat.

  • Sju ønskte Kårbø som toppkandidat.

  • Av dei 19 lokallaga i Kårbø sitt heimfylke Hordaland, var det sju som ikkje foreslo Kårbø på nokon av dei fire øvste plassane.

Konfrontert med opplysningane, erkjenner Kårbø til NRK at den manglande støtta var medverkande til at han valde å melda seg ut av partiet.

– Å seia at det ikkje hadde medverknad, er å bløffa. Men det var ikkje det som var avgjerande.

Trude Brosvik

FYLKESTOPP: Dagens fylkestopp for KrF i Sogn og Fjordane, Trude Brosvik, er kandidaten flest lokallag i Hordaland og Sogn og Fjordane ville ha øvst på lista.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Brosvik med støtte på heimebane

Oversikta NRK har fått innsyn i syner at Trude Brosvik har tilnærma full oppslutnad på heimebane i Sogn og Fjordane. Kårbø har minst støtte i Sunnhordland, Bergen og nord i Nordhordland.

To av lokallaga i Sogn og Fjordane vil ha han på ein av dei fire øvste plassane.

– Var det eit lite slag i magen å sjå at du ikkje hadde større støtte i kommunane i Hordaland?

– Det er klart, men då hadde eg analysert litt for meg sjølv kor eg ikkje hadde sterk støtte. Nokre stader eg opplevde å ha svakare støtte, kjenner eg igjen frå enkelte saker i fylkespolitikken. Saker eg har uttala meg om. Ein kan godt vere med i politikken og ikkje meine noko. Då blir ein lettare likt overalt.

– Ein sorgreaksjon

NRK har vore i kontakt med ei rekkje personar i KrF, som reagerer på at Kårbø ikkje nemnde den manglande tilliten frå mange lokallag då han melde seg ut av partiet.

Kårbø kjenner seg ikkje att i kritikken at han har fortalt berre deler av sanninga.

– Den manglande støtta var ikkje den avgjerande grunnen. Eg svarar når de spør om nominasjonen, men min konklusjon for kvifor eg ønskjer å melda meg ut av KrF, er den nasjonale ørkenvandringa.

Det er turbulente tider i KrF. Dei siste veke har over 50 partimedlemmar meldt seg ut av partiet, etter at KrFs familiepolitiske talsmann vigsla kommunikasjonssjefen og hennar kvinnelege partnar.

På Vestlandet melde fire politikarar seg ut av partiet på fire dagar. Reaksjonane frå partiet i etterkant av utmeldinga til Kårbø har vore blanda.

– Mange er skuffa. Nokre meiner at det er dårleg gjort ovanfor partiet. Eg sett pris på dei som har tatt kontakt med meg direkte. Eg har vore med i partiet i 23 år, og det er ein sorgreaksjon i ein familie som eg er glad i, avsluttar Kårbø.