Ungdomsskuleelevar som byrjar med spansk som 2. framandspråk, kan risikera å ikkje kunna fortsetja vidaregåande på eigen heimstad.
Problematisk på Askøy
På Askøy vil det frå hausten bli undervist i spansk på ungdomstrinnet, men i den vidaregåande skulen har dei ikkje dette faget.
Rektor ved Fauskanger ungdomsskule på Askøy, Norvall Hestetræet, meiner at dette er problematisk.
- Det me ser er at akkurat denne problematikken her har dukka opp hjå oss, fortel han.
Obligatorisk med to språk
Frå og med neste år vert det obligatorisk med to framandspråk allereie frå ungdomsskulen.
Seks skular i Hordaland tjuvstartar med ordninga, og startar obligatorisk undervisning i tysk, fransk eller spansk allereie ved skulestart i år.
Men spansk i ungdomsskulen kan bli problematisk når elevane byrjar på vidaregåande. For berre sju vidaregåande skular underviser i dag spansk, og alle desse ligg i Bergen og på Sotra.
Populært språk
Og spansk er populært.
- Utviklinga syner at fleire og fleire ynskjer spansk på ungdomsskulen, ikkje tysk eller fransk. Og når desse elevane kjem på vidaregåande har dei rett til undervisning i spansk, seier inntaksleiar ved Hordaland Fylkeskommune, Nils Skavhellen.
Elevane må flytta vekk
Ved Fauskanger Ungdomsskule vil dei undervise spansk til hausten. Og no vonar rektoren at Askøy Vidaregåande Skule vil følgja etter. Viss ikkje må elevane flytta vekk.
- Viss ikkje må jo elevane reisa vekk frå kommunen når dei skal på vidaregåande, påpeikar han.
På Askøy Vidaregåande Skule har dei ikkje kompetanse til å undervisa i spansk. Men rektor Lillian Østensen vonar å betra tilbodet innan tre år.