Hopp til innhold

Fleire hundre vil isolerast i Antarktis

Norsk Polarinstitutt opplever søkjarstorm til stillingar i Antarktis.

Troll

Forskingsstasjonen Troll ligg 250 kilometer frå iskanten i fjellkjeda Jutulsessen.

Foto: Øystein Mikelborg / Norsk Polarinstitutt

Når Norsk Polarinstitutt kvart år søkjer etter folk til å overvintre på stasjonen Troll i Antarktis, er bunken med søknader stor. Fleire hundre eventyrlystne nordmenn ynskjer seg åtte isolerte månader i isaudet.

No er stillingane for neste års overvintring utlyste, og i Dronning Maud Land gjer dei seg klare for overvintring.

250 km til næraste nabo

Det er opp til 50 blå grader og is og snø så langt auget rekk. Næraste stad ein kan finne folk er på ein sørafrikansk stasjon 250 kilometer unna. Stasjonen Troll ligg 1300 meter over havet, i ei fjellkjede som stikk opp av isen.

Ivar Nils Båtberget og keisarpingvin

Ivar Nils Båtberget har vore elektrikar ved Troll. Under opphaldet møtte han fleire gongar på pingvinar. Her er Båtberget og tre keisarpingvinar.

Foto: Marius Filtvedt

– Det er ingen hus eller bilar å reparere, og ingen by å gå på handel i. Det passar meg framifrå, seier Mats-Ola Finn.

Han er stasjonsleiar på Troll, og om tre veker går siste fly ut frå den norske basen. Då vert Finn og dei fem andre tilsette aleine for vinteren.

– Kaldare i Kiruna

– Dette er noko som få får oppleve. Då eg såg annonsen måtte eg fyrst spørje kona, og så var det berre å søke, seier Finn.

Han kjem frå Kiruna nord i Sverige, og er ikkje redd for at kulden skal verte for hard.

– Det er kaldare heime, så det er ingen fare. I tillegg er lufta så tørr at det kjennest varmare enn det er. Eg trur ein frys meir i null grader og regn i lufta i Bergen enn her, seier han.

– Siste utilgjengelege stad

Forutan stasjonsleiar, er Finn forskingsteknikar. I tillegg til han er det ein lege, ein kokk, ein elektrikar, ein driftsteknikar og ein mekanikar som skal tilbringe den norske sommaren i minusgrader i Dronning Maud land.

Troll i Dronning Maud land

Troll er ein meteorologisk stasjon, ein strålingsstasjon og ein feltstasjon for glasiologiske, biologiske og fysiske feltprogram.

Foto: Øystein Mikelborg / Norsk Polarinstitutt

– Antarktis er kanskje den siste staden det framleis er vanskeleg å kome seg til og det er nok det som dreg så mange, fortel avdelingsdirektør for operasjon og logistikk ved Norsk Polarinstitutt, Øystein Mikelborg.

300 søkjarar

Troll har vore heilårsbemanna sidan 2004, og kvart år er det om lag 50 søkjarar til kvar av dei seks stillingane som overvintrar. I tillegg til eventyr og personleg utfordring, har jobbane ei løn som nok ikkje gjer at det vert mindre attraktivt.

– Dei fleste doblar nok løna si frå Noreg, og det er berre 15 prosent skatt i Antarktis. Men dei fleste som overvintrar har jobbar heime som er godt betalt, så eg trur ikkje folk gjer dette på grunn av pengane, seier Mikelborg.

Påsketur på Sydpolen

Å nyta påskesola er mogleg også på Sydpolen. Her har Tore Dahl (t.v.) og Marius Filtvedt reist på telttur i påska. Med omn i teltet blei det godt og varmt sjølv om det var 25 minusgradar ute.

Foto: Tore Dahl

Turstad

Men kva gjer ein så på i åtte månader i ingenmannsland?

– Eg skal gå mange toppturar, og så skal eg jobbe med ei doktorgrad, seier Finn.

Og om ein skal til Antarktis, bør ein vere glad i frisk luft.

– Det er nok ikkje så mykje anna å gjere enn å gå på tur, slår Mikelborg fast.

Men han får tilbakemeldingar om at tida går fort for overvintrarane.

– Mange tenkjer at dei skal ta nettstudier og liknande, men me får ofte høyre at året gjekk veldig fort, og det vart ikkje tid til alt som var planlagt, seier Mikelborg.

Og åtte månadar med dei same fem folka, kan gjere at folk vert litt lei.

– På slutten av året er nok mange litt lei kvarandre, men det er vel naturleg, seier Mikelborg.

Marius Filtvedt på sykkeltur på Sydpolen

Marius Filtvedt tar seg ein sykkeltur på Sydpolen. På forskingsstasjonen er det tre syklar som kan brukast ute. Alle har piggdekk og får godt feste sjølv på blåisen, og dei blir flittig brukt gjennom heile året.

Foto: Oddmund Næs

– Reist er reist

Sjølv om det er eventyret som lokkar mange, er det ikkje eventyrlyst ein bør skrive på CV-en for å få jobb.

– Det er utdanning som er det viktigaste. I tillegg er det jo viktig at det er personar me ser for oss at passar til å vere isolerte i åtte månader, det går ikkje å ombestemme seg når ein fyrst er der nede, seier Mikelborg.

Å hente folk ut frå Antarktis utanom sommarsesongen kostar fleire millionar, og er berre eit alternativ dersom liv står på spel.

Troll lufthamn

Troll Airfield si flystripe ligg på blåis, og det er 5–6 timar i eit bråkete og ristande godsfly for å komme seg til Cape Town.

Foto: Ken Pedersen / Norsk Polarinstitutt