– Her er biff, bakt potet og grønsaker, seier Siri Arnesen medan ho viser matvarene til dagens middag som er nøye målt opp og lagt i posar. Arnesen har Prader Willis-syndrom og bor i bufellesskap.
Det er mange med ulike funksjonshemmingar som har problem med over eller undervekt, og å ete riktig og sunn mat. Funksjonshemminga til Siri er med på å gjere ho overvektig.
– Eg blir aldri mett. Det er veldig kjedeleg, for då kan eg berre fortsetje å ete, forklarer ho.
- LES OGSÅ:
Nytt prosjekt skal hjelpe
Eit nytt prosjekt i Bergen skal no gjere at fleire utviklingshemma skal få hjelp til å ete sunnare og få betre kosthald.
Helsedirektoratet er med på å finansiere prosjektet, og målet er at også resten av landet skal kunne bruke metodane frå Bergen.
Meir bevisst forhold til sunn kost
Sjukepleiar Elona Zakariassen, leier no eit prosjekt i Bergen som skal gje denne gruppa betre kosthaldsrutinar.
– Planen er at dei skal få eit meir bevisst forhold til sunn kost, og at alle brukarane skal få riktig og nok mat. Det er og ei utfordring med underernæring, seier Zakariassen.
Betre rutinar og oppfølging skal no gjere at dei får hjelp til å ete sunnare.
– Vi ser at det manglar kunnskap både blant brukarane sjølv og personale, men dette prosjektet er med å betre dei, forklarar Zakariassen.
Gått ned 50 kilo
– Eg varierer mellom å sykle, gå turar og trene på treningsstudio, seier Siri.
Siri har gått ned 50 kilo på tre år. Ho har fått treningsopplegg og hjelp til å planlegge vekemeny og handleliste. Bragda hennar vert no brukt som døme for andre funksjonshemma.
Monica Hauge er leiar i Bergen kommune har kjent Siri i mange år. Ho er stolt og er imponert.
– Dei som ser kva Siri har klart i dag er utruleg fasinert og glad for det, seier Hauge.