Hopp til innhold

Luftsportmiljøet på Voss råka endå ein gong

Fleire dødsulukker har råka luftsportsmiljøet på Voss dei siste åtte åra. – Ein kan ikkje samanlikne risikoen i ulike sportsgreiner, seier folk i miljøet.

Ulukker Voss

LUFTSPORTSMILJØET RÅKA IGJEN: Fleire alvorlege ulukker har råka luftsportsmiljøet på Voss dei siste åra.

Foto: NRK

Steinar Vinje

– PREGAR ALLE: Når det skjer ulukker i luftsportsmiljøet pregar det alle, seier Steinar Vinje medlem av Voss flyklubb og Hardanger mikroflyklubb. Biletet er frå ein tidlegare flytur.

Foto: Privat

– Alle blir prega. Du blir sett tilbake. Du blir nedtrykt og nedstemt og det pregar kvar einaste ein, seier Steinar Vinje medlem av Voss flyklubb og Hardanger mikroflyklubb.

Dei siste 8 åra har fleire svært alvorlege ulukker råka luftsportsmiljøet på Voss.

– Alle ulukkene påverkar dei som driv med luftsport, seier Vinje.

Men verken han eller andre NRK har vore i kontakt med frå miljøet meiner ein kan samanlikne risikoen ved dei ulike luftsportsaktivitetane på Voss.

LES OGSÅ: To personar funne døde i flyvraket - Hordaland

Mange omkomne dei siste åra

Desse dødsulukkene har råka luftsportsmiljøet dei siste åtte åra:

  • 14. september 2006: To personar omkom då eit frakthelikopter styrta ved alpinanlegget i Bavallen utanfor Voss.
  • 20. juni 2008: Tre personar omkom i ein flystyrt utanfor Sotra. Minst ein av dei omkomne hadde tilknyting til flymiljøet på Voss.

– Kan ikkje sjå luftsportsmiljøet under eit

Nils Ringheim

EIN KAN IKKJE SJÅ LUFTSPORTSMILJØET UNDER EIT: – Sjølv om du er i lufta ar du ikkje same risikoen uansett, seier Nils Ringheim, medlem av Voss flyklubb.

Foto: privat

– Slike hendingar er nesten urealistiske, fortel Nils Ringheim i Voss flyklubb.

I går var han med på leitinga etter det då sakna mikroflyet.

– Me blir sjølvsagt minna på kor viktige sikkerheit er. Etter slike hendingar ser me over rutinane våre for å sjå kva som kan bli betre.

Men sjølv om talet på ulukker i luftsportsmiljøet dei siste åra er høgt, kan ein ikkje sjå alt av luftsport under eit, meiner Ringheim.

– Ulukkene er spreidd utover fleire luftsportsaktivitetar. Ein kan ikkje samanlikne risikoen på to ulike sportsgreiner.

– Me snakkar mykje saman etter at noko slikt skjer, både om det som har hendt og om sikkerheit, men me set ikkje flya på bakken. Du kan ikkje seie at når du er i lufta så tek du den same risikoen uansett, seier Ringheim.

– Ingen samanheng mellom ulukkene

Sofie Torlei Olsen

– INGEN SAMANHENG MELLOM ULUKKENE: – Det har vore få ulukker innan mikroflysporten i Noreg. Men det er like trist kvar gong, seier Sofie Torlei Olsen, leiar av Ekstremsportveko på Voss.

Foto: Anna Thorstensson

– Ulukka går inn på oss alle. Det er eit ekstremt samansveisa miljø og mange driv med fleire luftsportar, seier Sofie Torlei Olsen, leiar av Ekstremsportveko.

Sofie Torlei Olsen vil heller ikkje sjå dei mange ulukkene i luftsportsmiljøet på Voss under eit.

– Det er ingen samanheng mellom ulukkene. Innan mikroflysporten har det vore få ulukker. Men me skulle sjølvsagt vore alle forutan. Det er trist kvar gong det skjer noko slikt.

Fyrste store ulukke i mikroflyklubben

– Om det verste har hendt, blir det fyrste gong i historia til mikroflyklubben at nokon har omkomme, seier Steinar Vinje til NRK før meldinga som stadfesta dette blei kjend.

– Men sjølv om me ikkje har hatt slike hendingar på lenge i mikroflymiljøet, er dette ei hending for mykje, seier Vinje.

Saman med dei andre medlemmane i Hardanger mikroflyklubb lyt han no vente på å finne ut kva som har skjedd med dei to flygarane.

Heile luftsportsmiljøet på Voss skal samlast på søndag. Her skal dei snakke om hendinga og korleis dei vil betre sikkerheita framover.

– No må me vere årvakne

– Når det skjer ulukker i basehoppmiljøet tenker me «no må me vere endå meir årvakne.» Me tenker endå meir «sikkerheit, sikkerheit, sikkerheit.», fortel Vinje.

Han fortel at ein som flygar vert ekstra påpasseleg når det skjer ulukker i luftsportsmiljøet, men redd for å sjølv setje seg inn i eit fly blir han ikkje.

– Nokon kan oppleve det, folk er jo forskjellige. Men eg blir ikkje redd, eg blir berre endå meir skjerpa og opptatt av sikkerheit.

– Men eg sovna jo ikkje så fort i går som eg brukar, legg han til.

Flyrstyrt

TO PERSONAR FUNNE: Politiet stadfesta klokka 12.15 at det er funne to døde personar i flyvraket på Voss.

Foto: NRK