Hopp til innhold

Ras av utmeldingar frå kyrkja etter homo-nei

Berre i Bergen melde 72 personar seg ut av Den norske kyrkja sist veke. Det er ein tredel av talet på utmelde i heile fjor.

Kirkemøtet

STEMTE NEI: På Kyrkjemøtet røysta eit fleirtal i mot forslaget om å la homofile få gifte seg i kyrkje. Dette har gjort at mange har meldt seg ut av Den norske kirke.

Foto: Falch, Knut / NTB scanpix

På kyrkjemøtet førre veke blei det bestemt at homofile framleis ikkje får gifte seg i Den norske kyrkje.

Etter at vedtaket blei kjend har mange meldt seg ut av kyrkja, seier Tove Margerete Nordmark i Bergen kirkelege fellesråd.

Førre veke melde 72 personar i Bergen seg ut av Den norske kirke. Til samanlikning var det 262 som melde seg ut i løpet av heile 2013.

Talet på utmelde i løpet av dei siste ti dagane er altså om lag ein tredel av talet på utmelde i løpet av heile fjoråret.

LES OGSÅ: – Bra at me fekk eit tydeleg fleirtal

– Mange er skuffa

Tove Margerete Nordmark
Foto: Privat

Det var forslaget om å innføre ein vigselsliturgi for homofile i Den norske kyrkje som var oppe til diskusjon på kyrkjemøtet.

Forslaget om å vigselsliturgi for homofile blei nedstemt med eit knapt fleirtal. 51 stemte for ein ny liturgi, medan eit fleirtal på 64 stemte mot.

Dermed får framleis ikkje kvinner gifte seg med kvinner og menn gifte seg med menn i Den norske kyrkje.

Tove Margerete Nordmark i Bergen kirkelege fellesråd seier det truleg er denne saka som er årsaka til talet på utmelde førre veke.

– Det er viktig for mange å gje uttrykk for at dei er skuffa over at kyrkja framleis ikkje vil vie folk av same kjønn. Det er nok difor me no ser at mange melder seg ut.

– Er du overraska over talet?

– Eigentleg ikkje. På grunna av all merksemda saka har fått og fordi mange nok er skuffa over at kyrkja ikkje landa på ei anna avgjersle, seier Nordmark.

LES OGSÅ: Vil frata kirken vigselsretten - NRK – Norge

Store reaksjonar på avgjersla

At homofile og lesbiske framleis ikkje skal få gifte seg i kyrkja skapa sterke reaksjonar på sosiale medium.

Ei av dei som melde seg ut etter at avgjersla blei kjend var Silje Grytten, stabssjef for Arbeidarpartiets bystyregruppe i Oslo.

– Nok er nok!, skreiv Grytten på Twitter. «Jeg melder meg herved ut!»

Grytten lenka til eit utmeldingsskjema og oppfordra fleire til å gjere som ho.

– Ja, utmeldinga er allereie sendt. Eg er veldig skuffa over at kyrkja, så aktivt, vel å halde oppe denne praksisen, sa ho til NRK for ei veke sidan.

LES OGSÅ: Sterke følelser på Kirkemøtet - NRK – Norge