Hopp til innhold

Mange med motgang på Stortinget

Ei rekkje tidlegare stortingspolitikarar fortel at dei fekk ein tøff overgang frå lokalpolitikken. Rita Tveiten opplevde at ho var heilt nederst på rangstigen.

Henning Warloe

NARKOSIKTA: Høgrepolitikar Henning Warloe.

Foto: Ingrid Hognaland / NRK

Magnus Stangeland

EINSAM ULV: Magnus Stangeland følte seg einsam i starten.

Foto: Cornelius Poppe / Scanpix

Denne helga har Henning Warloe (H) fortalt at han var einsam etter at han flytta til Oslo og blei stortingsrepresentant, og at dette var ei medvirkande årsak til aukande narkotikamisbruk.

Sist veke blei Warloe sikta i ei narkotikasak .

Etter at politiet fann narkotika i stortingshybelen og han har vedgått omfattande narkotikabruk, har han forklart det aukande misbruket med eit vanskeleg liv på Stortinget.

Les og: Warloe talte til partikollegene etter narkoavsløringen

Men der er fleire enn Warloe som har opplevd overgangen til Stortinget som krevjande.

– Einsam ulv

Henning Warloe

TAKKA: På fylkesårsmøtet i helga takka Warloe for støtta han har fått frå partiet.

Foto: Hordaland Høyre / Scanpix

– Eg følte meg vel som ein einsam ulv i starten, seier Magnus Stangeland.

I 1981 gjekk Magnus Stangeland frå å vera ordførar i Austevoll til å møta på Stortinget for Senterpartiet. Sjølv om det gjekk seg til for eigen del, såg han fleire som ikkje makta overgangen.

– Eg såg folk som kanskje ikkje tålte presset og overgangen, og meir eller mindre har "gått i hundane", seier Stangeland til NRK.

Les og: Stangeland fortalte om mobbing på Stortinget

Uskrevne reglar

Etter ti år som ordførar og varaordførar for KrF i Bergen blei overgangen til rikspolitikken tøffare enn Ingmar Ljones hadde trudd.

– Det var ein ny situasjon. Eg syns det var krevjande å ikkje kunna fram kunnskapen eg hadde som lokalpolitikar. Det handlar om ansiennitet og uskrevne reglar som kan vera krevjande, seier Ljones.

Ingmar Ljones meiner kontakten med kollegaar på Stortinget og ein trygg familiesitusjon var det som gjorde at han etter kvart trivdest betre og betre på Stortinget.

erna solberg vandrehallen 2

ERNA SOLBERG: Høgreleiaren seier seier parti sikkert kan gje betre oppfølging.

Foto: Siv Sandvik / NRK

Han seier det var helgane som var vanskelegast for mange av stortingskollegane.

– Ein del sa til meg at dei kvidde seg til helgane, seier Ljones.

– Kan gå tettare på

Høgreleiar Erna Solberg har hatt hendene fulle med Warloe-saka den siste veka.

Ho utelukkar ikkje at partia brukar for lite tid til å følgja opp representantar som slit.

– En del sentrale lokalpolitikarar har nok merka overgangen godt. Vi snakkar om vaksne menneske, men det er klart at vi kan gå tettare på menneske, seier Solberg.

Problem i mange år

Livet på Stortinget har også vore krevjande for mange andre politikarar tidlegare.

I radioprogrammet Sånn er livet på NRK i 1996 fortalde stortingsrepresentant Rita Tveiten (Ap) frå Hordaland om livet på Stortinget.

– Eg følte at eg var nederst på rangstigen og var parkert borti eit hjørne. Det var ei knusande oppleving. Eg grein mykje, sa Tveiten.

Ho fekk hjelp av bedriftslegen til å takla motgangen ho opplevde.

Høyr heile programmet: