Mange lærarar treng vidareutdanning

Tre av ti mattelærarar i Hordaland manglar tilstrekkeleg fordjuping i faget dei underviser i. Det same gjeld fire av ti engelsklærarar, viser tal frå Utdanningsdirektoratet. Frå 2025 kjem det nye krav til fordjuping for lærarar både i barne- og ungdomsskulen. – Lokalpolitikarane må prioritere vidareutdanning i 2018 og framover, seier kunnskaps- og integreringsminister Sanner.