Hopp til innhold

Mange kasta TV-en før fotball-EM

Nordmenn kastar mest TV-ar, skjermar og anna el-søppel i heile verda. Og under fotball-EM er pågangen ekstra stor for dei som vil skaffe ein større flatskjerm.

TVer kastes hos renivasjonsselskapet BIR

TONNEVIS MED TILTALTE: Her blir lass på lass med gamle flatskjermar og andre fjernsynsapparat kasta på eitt av Bir sine anlegg i Bergen denne veka.

Foto: BIR

I snitt kastar kvar nordmann nesten 30 kilo med elektronisk søppel kvart einaste år, ifølge tal frå FN. Det er med å bidreg til at vi tronar øvst på verdstoppen i kasting av elektronisk avfall.

Og dei som tar imot avfallet har den siste tida merka ekstra stor pågang av folk som kvittar seg med velfungerande TV-apparat.

Årsaka? Mange vil sjå fotball-EM på ein ny og større flatskjerm, trur renovasjonsselskapet Bir i Bergen.

– Vi har merka auken. Spesielt er det større fjernsyn som blir kasta på denne tida, fortel Kristin Bjordal hos Bir.

Payet mot Romania

Skal ein tru salsstatistikken vil nordmenn helst sjå slike mål på ein ny og stor TV. Her er det franske Dimitri Payet som knuser ballen i krysset i opningskampen mot Romania i fotball-EM.

Foto: FRANCK FIFE / Afp

Femti prosent auke i salet

Då NRK besøker renovasjonsselskapet klargjer Bjordal ein titals tv-apparat som skal sendast vidare til gjenvinning. I vår har det vore ein jamn straum med bergensarar som har vore innom for å kvitta seg med ein TV dei meiner dei ikkje lenger har bruk for.

Men frå søppeldungen går turen kanskje rett vidare til fjernsynsforhandlarane, i alle fall om vi skal tru salsstatistikken.

I Elkjøp sine butikkar har dei på landsbasis selt 50 prosent fleire fjernsyn i stor storleik dei siste tre vekene før EM, samanlikna med same periode i fjor.

– Det går større og større TV-ar no. Vi ser spesielt at folk vil ha store skjermar til å nyte meisterskap som fotball-EM og OL. Det går mest i fjernsyn i storleiken 50 og opptil 80 tommar, fortel varehussjef Bård Fredagsvik hos Elkjøp i Fana.

Les også: Ingen samlar inn meir e-avfall enn nordmenn

Nye fjernsyn

Fleire har gått til innkjøp av nye tv-skjermar før fotball-EM. Særleg er det TV-ar frå 50 tommar og oppover som freistar.

Foto: Per Vidar Raunholm / NRK

Godt år for fjernsynet

I snitt blir det selt over 400.000 nye TV-ar kvart år her i landet. Men frå toppåret 2007 med 650.000 selde apparat har det gått jamt og trutt nedover til 387.000 selde fjernsyn i 2015.

Med salsauken den siste tida ligg prognosen for 2016 på 400.000 selde fjernsyn – ein auke på 3,35 prosent frå i fjor.

Statistikken viser også at TV-salet gjekk opp i 2014, same året som fotball-VM vart arrangert i Brasil.

Totalomsetning TV-apparat i Norge

År

Sal

År

Sal

2006

510.000

2011

520.000

2007

650.000

2012

483.000

2008

636.000

2013

415.000

2009

601.000

2014

429.000

2010

593.000

2015

387.000

Passerte USA

Men nordmenns forbruk av fjernsynsapparat får kommunikasjonsrådgjevar Tina Skudal i Bir til å sukka.

– Vi kjøper veldig mykje elektronikk og tronar diverre på kastetoppen av elektronisk avfall. Vi passerte amerikanarane for nokre år sidan. Diverre, fordi CO2-avtrykka frå produksjonen av slikt er veldig stor, seier Skudal.

Ifølge ein rapport frå United Nations University, er det Kina og USA som i 2014 genererte mest elektronisk avfall. Men ser ein på e-søppel per innbyggjar, er det altså Norge som tronar på topp:

Søppel per innbyggjar (2014)

Land

Søppel per innbyggjar (i kg)

Norge

28,3

Sveits

26,3

Island

25,9

Danmark

23,9

Storbritannia

23,4

Nederland

23,3

Sverige

22,3

Frankrike

22,1

USA

22,08

Austerrike

22,04

Kjelde

UNU

Ekspander/minimer faktaboks