NRK Meny
Normal

Skulle sikrast – blei tilgrisa med maling i natt

I løpet av natta har nokon skvetta kvit måling på eit Dolk-kunstverk i Bergen. Huseigaren var i ferd med å skjera bildet ut frå veggen "for å bevara det".

Dolk-kunstverk tilgriset av maling

SKULLE SIKRAST: Bildet i Nye Sandviksvei er eitt av fem Dolk-kunstverk som Bergen kommune ville sikra med glas.

Foto: Andre Marton Pedersen / NRK

Dolk-kunst tilgrisa av maling

TILGRISA: Nokon har skvetta måling både innanfor og utanfor plasten som var hengt opp framfor bildet.

Foto: Andre Marton Pedersen / NRK

Bildet i Nye Sandviksvei er eitt av fem Dolk-kunstverk som Bergen kommune ville sikra med glas. Opprinneleg skulle ti av verka hans bevarast, men det viste seg at berre fem bilde var i god nok stand.

No kan gatekunstverket som viser ein buekorpsgut vera øydelagt av kvitmåling.

Neppe tilfeldig

Det er neppe tilfeldig at bildet blir øydelagt no.

I går skreiv Bergensavisen at huseigaren er i gang med å skjera kunstverket ut frå veggen.

– Eg skal ta det inn og bevara det, sa huseigaren til avisa i går, men han ville ikkje seia noko meir om planane for verket.

Han blei ikkje ferdig med demonteringa i går, og ein gong i løpet av natta er gatekunsten grisa til, både utanpå og innanfor plasten som var hengt opp framfor bildet.

NRK har prøvd å få kommentarar frå huseigaren i føremiddag, men mannen som tok telefonen la på straks vi hadde presentert oss.

Har ikkje fått svar

Dolk buekorpsgut

BUEKORPSGUTEN: Slik var kunstverket opphavleg.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Bergen kommune skal no gå i gang med sikringsarbeidet på dei fem Dolk-verka. Alle er malt på privateigde hus, og kommunen må gjera arbeidet i samarbeid med huseigarane.

Kommunen har fått svar frå alle huseigarane, unntatt i Nye Sandviksvei.

– Vi vil no prøva igjen å få kontakt med den aktuelle huseigaren, seier seksjonssjef Øyvor Johnson ved seksjon for kunst og kultur i Bergen kommune til NRK.no.

Ho har ikkje sett korleis bildet er blitt tilgrisa, og har difor ingen kommentarar til det som har skjedd.

Gard Eiklid, som var ein av initiativtakarane til å sikra Dolk-kunst i Bergen, seier det som har skjedd er dårlege nyheiter.

– Det er veldig trist at huseigaren fjernar bildet frå veggen, og at det er tilgrisa av måling. Eg har litt sansen for forslaget om å gje bildet til kunstmuseet Kode, så dei kan stilla det ut, seier han til NRK.no.

Han og tre andre driv kunstforumet Kunstveggen på nett.

– Norges fremste

Vedtaket om å sikra kunsten blei gjort i fjor haust. Dåverande byrådsleiar Monica Mæland (H) brukte store ord om bergenskunstnaren Dolk.

– Vi ønskjer å bevara kunsten til Dolk så godt vi kan. Han er Noregs fremste gatekunstnar og ein av byens fremste samtidskunstnarar, sa Monica Mæland til NRK.no.

Dolk frå Bergen har oppnådd millioninntekter for bileta sine. Kunstnaren sjølv møter aldri media ansikt til ansikt, og har skjult identitet.

NRK har forsøkt å få Dolk til å kommentera hærverket i natt, men han har ikkje gitt noko svar så langt.

Dolk-kunsverkt tilgrisa med maling

SKULLE SIKRAST: Opphavleg skulle ti av verka til Dolk bevarast, men det viste seg at berre fem bilde var i god nok stand. Dette bildet var eitt av dei.

Foto: Andre Marton Pedersen / NRK

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
programleder Mariann Reikerås
Havørnen terger en måke, da samles kråker og måker for å ta igjen.