Hopp til innhold

Mållaust i vestlandsderbyet

Det endte 0-0 mellom Brann og Viking på Brann stadion i kveld.

Brann-Viking, Fredrik Haugen (tv) i kamp med Vikings Hassan Sale Usman i Eliteseriekampen i fotball

JAMNSPELT: ein jamn kamp som enda utan mål. Her er Brann sin Fredric Hauge i kamp med Viking sin Hassan Sale Usman

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

Klokka 18:00 brakar det laus på Brann Stadion i kveld. Brann tek i mot vestlandsrival Viking, og begge lag har alt å vinne. Følg kampen i direktesenteret over, eller høyr Oddgeir Øystese i NRK kommentere den direkte på radio:

Sist gong laga trefte kvarandre i kamp var på Viking stadion i vår. Då haldt stillinga seg på 0-0 heilt til Fredric Haugen sette inn 0-1 på overtid, og sikra sigeren for bergensarane.

Brann har vore overraskande gode etter at trenar Lars Arne Nilsen tok over laget i førstedivisjon i fjor, men med tap mot Haugesund borte i førre runde treng raudtrøyene likevel tre poeng for å henge med i medaljekampen.

Det er eit av eliteserien sitt beste heimelag som møter eit av dei beste bortelaga i kveld, og berre fem poeng skil dei to på tabellen før denne kampen.

Viktige spelarar ute

Brann har heile fem spelarar ute med karantene grunna gule kort denne kampen. Blant dei er viktige spelarar som Sivert Heltne Nilsen og Vadim Demidov som begge har fått fem gule kort.

Brann skriv på sine nettsider at dei har selt over 11000 billettar alt før kampstart laurdag.