Hopp til innhold

Makrellfangsten kan bli halvert

Det går mot drastisk nedgang i makrellfisket neste år, etter fleire gullår. Kan bli dramatisk for næringa og dyrare fisk for forbrukarane.

Emil Fondenes frå Austevoll sel fersk fisk på Nøstekaien i Bergen

TOM FOR MAKRELL: Emil Fondenes frå Austevoll sel fersk fisk direkte frå båten sin på Nøstekaien i Bergen. I dag har han ikkje makrell å tilby.

Foto: Siri Løken / NRK

Forskarane sine råd om fiskekvotar neste år vart i dag presentert på Havforskingsinstituttet i Bergen.

Etter ei rekke fantastiske år kan 2018 bli eit dårleg år for makrellfiskarar langs heile norskekysten.

– Dersom rådet vårt blir følgt, inneber det ei halvering av makrellfangsten for norske fiskarar, seier forskingsdirektør Geir Huse.

Forskingsdirektør Geir Huse, Havforskingsinstituttet

KRYSTALLKLAR: – Makrellfisket bør reduserast dramatisk, seier forskingsdirektør Geir Huse ved Havforskingsinstituttet.

Foto: Øyvor Bakke / NRK

For forbrukarane kan det då bli både vanskelegare og dyrare å få kjøpt makrell.

Fiskar meir enn tilrådd

Den faktiske fangsten blir vanlegvis høgare enn det kvoterådet forskarane gir.

I fjor tilrådde Havforskingsinstituttet ein makrellkvote på 857.000 tonn for 2017. Fasiten viser at det i år blir fiska over 1 million tonn.

No er rådet for 2018 krystallkart: Makrellfisket bør reduserast dramatisk. Forskarane meiner kvoten bør ned 35 prosent til 551.000 neste år.

Det betyr ei halvering i høve til den faktiske fangsten i år.

Mindre bestand enn antatt

Langs kysten er det i år mange som har opplevd meir makrell enn vanleg.

– Er det ikkje mykje makrell, slik folk trur?

– Mykje makrell har vandra mot nord, men totalbestanden har truleg ikkje auka slik det ser ut som her. Me har data som tyder på nedgang i den sørlege bestanden, forklarar Huse.

Lederen i Norges Fiskarlag, Kjell Ingebrigtsen

DRAMATISK: Leiar Kjell Ingebrigtsen i Noregs Fiskarlag meiner kvoterådet frå forskarane er gale og vil få dramatiske følger for fiskarane.

Foto: Håkon Jacobsen / NRK

– Når me tilrår å senka uttaket litt no, ventar me at det vil gi større utbytte på sikt.

– Dramatisk for mange

Fiskarane sjølv meiner det ikkje er grunnlag for halvering neste år.

– Eit slikt kvotenivå vil vera dramatisk for mange, seier leiar Kjell Ingebrigtsen i Noregs fiskarlag.

– Makrell er ein av tungvektarane for norske fiskarar og bidrar til å halda oppe flåten.

Geir Huse seier inntektene for fiskarane ikkje blir halvert sjølv om fangsten blir halvert.

Makrell i kasse

VIKTIG FANGST: – Makrellfisket er viktig for å halda oppe den norske fiskeflåten, ifølge Noregs Fiskarlag.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

– Det blir mindre inntekter og færre dagar på fiskeri, men makrellprisen vil auka når kvotane går ned. Det veg delvis opp for redusert fangst.

Det er no opp til internasjonale forhandlingar kva kvoten faktisk blir.

Forskarane tilrår også at kvoten for norsk vårgytande sild bør ned 15 % neste år, medan kolmulekvoten er stabil på 1,4 millionar tonn.

Fersk på kaien

På Nøstekaien i Bergen ligg Emil Fondenes frå Austevoll til kai. Han tilbyr blodfersk sjømat rett frå båten.

– Eg har sei, lange, hyse, torsk, breiflabb og sild. No er eg tom for makrell.

Emil Fondenes frå Austevoll sel fersk fisk frå båten sin på Nøstekaien i Bergen.

HELD FRAM UANSETT: Austevollingen Emil Fondenes kan fiska makrell og annan fisk uavhengig av om makrellkvoten blir kutta dramatisk neste år.

Foto: Siri Løken / NRK

Men for Fondenes betyr kvoteråda lite. Han driv i liten skala og kan halda fram som vanleg, også med makrellfisket.

For vanlege makrellelskande nordmenn kan det derimot bli både vanskeleg og dyrt å finna makrell til sals neste år.

Det uroar ikkje kundane hjå Fondenes.

– Makrell kan me uansett fiska sjølv. Eg har fått mykje.