Mai er over og statistikken stadfester det du gjerne har hatt ein mistanke om - mai var langt frå skjønn og mild.
I Bergen var høgste registrerte temperatur i mai 15,9 grader. Ein må 82 år tilbake i tid for å finne ein tilsvarande lav maksimumstemperatur i Bergen, seier værstatistiker Bernt Lie.
Jevnt kjølig
Kaldast i høve til normalen har det vore i Hordaland, Sogn og Fjordane og delar av Møre og Romsdal med opptil 2 grader under normalen.
Fins det håp?
- Vi har sett tidlegare at ein kald mai og ein kald start på juni gjerne står seg fram til St.Hans før vi får en temperaturstigning. Om dette skjer i år, er åpent, seier Lie.
Tips
Det beste tipset om du er på jakt etter varmen er rett og slett å pakke snippsekken og vende nasa austover. Drammen vere eit heitt tips i så måte. Byen kan med sine 20,8 grader 15. mai skilte med høgste målte temperatur i mai.