Hopp til innhold

Macody Lund blir ny finansbyråd i Bergen

Mannen som fram til i dag har vore sosialbyråd i Bergen tek over oppgåva som finansbyråd etter partifelle Liv Røsslands avgang.

Eiler Macody Lund

NY FINANSBYRÅD: Eiler Macody Lund (Frp) går frå å vera sosialbyråd til å bli finansbyråd i Bergen.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Det stadfestar Bergen kommune i ei pressemelding. Etter at Liv Røssland (Frp) i dag takka for seg som finansbyråd, blir den nye byrådskabalen i Bergen sjåande slik ut:

  • Eiler Macody Lund (Frp) blir ny finansbyråd
  • Hilde Onarheim (H) tek over Lunds gamle oppgåver og blir byråd for sosial, bustad og områdesatsning, i tillegg oppgåva som helsebyråd som ho er frå før.

Onarheim sine oppgåver er berre mellombels. Frp jobbar no med å finne ein permanent erstattar som kan ta Lunds sine gamle oppgåver som sosialbyråd fram til valet i haust.

Hilde Onarheim

Helsebyråd Hilde Onarheim (H) tek mellombels over oppgåvene som sosialbyråd.

Foto: Sølve Rydland / NRK

På grunn av kjønnsbalansen må Frp sin neste byråd vera ei kvinne.

– Eg har som eit overordna mål å redusere gjelda og redusera avdragstida og samstundes arbeida vidare for å gradvis redusera eigedomsskatten. Dette er ambisiøst og vil nok ta tid, men det er viktig å ha klare mål, seier Macody Lund i pressemeldinga frå kommunen.

– Eiler har vist seg som ein solid ressurs i byrådet. Han kjem til å gjera ein god jobb som finansbyråd, og losa økonomien trygt gjennom tertialrapport og budsjettprosessen, seier byrådsleiar Martin Smith-Sivertsen.