Hopp til innhold

Må vente eit halvt år på ny bru

Det vil gå nærare seks månadar før ei ny bru over Opoelva er på plass i Odda. Butikksjef på Hjøllo fortvilar. – Det blir veldig vanskeleg å drive, seier Øyvind Ribesen.

Øyvind Ribesen Bohus Odda montasje med Hjøllo bru

MISTA VEGSAMBANDET: – Vi har halde butikken stengt og permittert alle tilsette. Det vil ta ei god tid før vi kan opne igjen, seier Bohus-sjef Øyvind Ribesen.

Foto: Tale Hauso/Gunnar Moland / NRK/03030-tipsar

Oktoberflaumen i Opoelva i Odda gjekk hardt utover både hus og infrastruktur i Odda. Dei kraftige vassmengdene tok knekken på Hjøllo bru, og med det vart bygda Hjøllo på austsida av elva isolert.

Les alt om flaumen her.

Vi har halde butikken stengt og permittert alle tilsette.

Øyvind Ribesen

Dagleg leiar i Bohus på Hjøllo, Øyvind Ribesen, fortel om tøffe veker etter flaumen. Over 10 centimeter med vatn i bygninga har gjort sitt.

– Vi har halde butikken stengt og permittert alle tilsette. Det vil ta ei god tid før vi kan opne igjen, seier butikksjefen.

Og det vil også ta god tid før ei permanent løysing for Hjøllo bru ligg klar.

Fryktar kundar ikkje finn fram

Folkemøte Odda

FOLKEMØTE: Innbyggjarar i Odda var tysdag kveld samla til folkemøte i Odda kino.

Foto: Tale Hauso / NRK

På eit folkemøte i Odda tysdag kveld informerte kommunen om at det kan ta eit halvt år før ei ny bru er på plass over Opoelva til Hjøllo.

Førebels må innbyggjarar og næringsliv ta til takke med ein mellombels veg via den såkalla «Hjøllotippen» lenger nord i vassdraget.

– Kommunen har gjort ein fantastisk innsats med å få på plass ein mellombels veg. Men den er vanskeleg å finne, og den er smal og kronglete, seier Ribesen.

Han fryktar kundar ikkje finn fram, og at dei vil kvi seg for å køyra på vegen til vinteren.

– Mangel på skikkeleg tilkomst gir store utfordringar for oss og Rimi, som ligg i nabobygget. Seks månadar kan fort bli til eitt år. Blir det så lang ventetid, har vi ei enorm utfordring med å drifta butikken. Det er heilt avgjerande med lett tilkomst til Hjøllo, forklarar Ribesen.

– Skal gjere vi alt vi kan

Etter folkemøtet hadde kommunen eit ekstramøte med dei to største bedriftene på Hjøllo, Rimi og Bohus.

Vi skal gjere alt vi kan for å hjelpe dei.

Jostein Eitrheim i Odda kommune

– Saman med dei diskuterte vi tiltak som skal gjere at dei blir minst mogleg skadelidande, fortel teknisk sjef Jostein Eitrheim i Odda kommune.

Eit av punkta er å nytte den havarerte Hjøllo bru mellombels i ein periode.

– Men vi kan ikkje gå på akkord med tryggleiken, den må vi heile tida halde høgt. Samstundes ynskjer vi å finne smidige og sikre løysingar slik at dei kan få normalisert drifta si. Vi skal gjere alt vi kan for å hjelpe dei, seier Eitrheim.

Les alt om flaumen her.