Hopp til innhold

Må reisa over 200 km for å få ut 50-årsgåva

Då Birge Edgar Velure vart 50 år, fekk han i gåve ein sjekk på 1500 kroner av kollegaene sine. Men å få ut pengane skulle vera enklare sagt enn gjort. Ein 200 km lang køyretur til Sogndal må til før han får gåva si.

Birge Edgard Velure

FORTVILA: Birge Edgard Velure har enno ikkje fått ut dei 1500 kronene han fekk i gåve frå kollegaene sine i Boliden.

Foto: Birge Edgar Velure

– Eg fekk ein sjekk som var utskriven frå DnB i Odda. Det var veldig kjekt å få og eg tenkte at eg skulle veksla den inn og få desse pengane, men det var ikkje så enkelt, seier Velure til NRK.

Eg stod der med eit stort spørsmålsteikn og visste ikkje kva eg kunne gjera

Birger Edgar Velure

Velure, frå Jåstad i Ullensvang, fylte nyleg 50 år og fekk ein sjekk på 1500 kroner av kollegaene i Boliden, skriv Hardanger folkeblad.

Ikkje mykje hjelp

Velure reiste fyrst til lokalbutikken på Nå for å løysa ut sjekken. Der fekk han beskjed at dei ikkje kunne løysa ut sjekkar lengre. Då gjekk turen vidare til DnB sin bank i Odda, sidan sjekken vart skriven av denne banken. Diverre var det ikkje mykje hjelp å få her heller.

– Eg viste legitimasjonen og då oppdaga dama i skranken at eg ikkje hadde konto hos dei. Eg skulle jo berre veksla inn ein sjekk som den banken hadde skriven ut og trudde ikkje eg måtte vera kunde hos dei. Diverre kunne dei ikkje gjera noko då, forklarar Velure.

Vart oppgitt

Sidan Velure ikkje hadde konto i banken kunne dei ikkje overføra pengar frå sjekken. Banken var også ein kontantfri bank, så det var ikkje mogleg å få pengane ut i kontantar.

– Då spurde eg kva eg då kunne gjera og stod der med eit stort spørsmålsteikn og visste ikkje kva eg kunne gjera, forklarar ein oppgitt Velure.

Då var den einaste løysinga å anten oppretta ein ny konto i DnB eller at han måtte reisa til hovudkontoret til sin eigen bank. Detta var Indre Sogn Sparebank, som ligg i Sogndal, ein køyretur på over 200 km frå Odda.

– Eg fekk ikkje ordna det i Odda og har enno sjekken. Men eg ringde til han som hadde ansvaret for gåvefondet og han skulle ordna opp i dette når han kom tilbake frå ferie. Det er jo rart at dei skrive ut sånne sjekkar i det heile når ein ikkje kan få dei ut, seier Velure.

– Inntil vidare vurdere du å ramma inn sjekken og henga den på veggen?

– Ja, kanskje det. Det vart veldig spesielt i alle fall, humrar Velure.

– Kva har du tenkt å bruke pengane på om du får dei til slutt?

– Det veit ikkje, men eg får vel «shoppa meg» noko fint i alle fall, forklarar den nylege 50-åringen.

Nesten ikkje-eksisterande

Kommunikasjonsrådgjevarar i DnB, Vidar Korsberg Dalsbø, seier at DnB sine kundar kan få pengar på kontoen sin frå sjekkane, men at bruken av sjekk har gått så mykje ned og er nesten ikkje-eksisterande i Noreg i dag, så DnB prioriterer ikkje å gje andre bankar sine kundar kontantar.

– Kortbruk har tatt over det meste, fordi sjekk er ei tungvint og dyr løysing både for brukarar og bankane, men du kan framleis løysa inn sjekk i eigen bank, seier Dalsbø.

Tal frå Norges bank viste at det var 1000 transaksjonar av sjekk som betalingsteneste i 2013.

DnB og Indre Sogn Sparebank