NRK Meny
Normal

– Alt i barnehagen ser ein at nokon har ekstra behov

Talet på unge uføretrygda i Noreg aukar. – Dette burde ha vore teke tak i alt i barnehagen. Alt då kan ein sjå at nokon har ekstra behov, seier fylkesdirektør i Nav.

Barn i barnehage illustrasjon

KAN SJÅ DET ALT I BARNEHAGEN (ILLUSTRASJONSBILETE): Det er blitt færre uføretrygda i Noreg totalt, men talet på unge uføre stig, syner tal frå Nav. – Ein må snakke om jobb alt i barnehagen og skulen, slik at ein ikkje går gjennom ein teoretisk skulegang utan å vite noko om arbeidslivet, meiner fylkesdirektør i Nav Hordaland Anne Kverneland Bogsnes.

Foto: colourbox.com

Når dei kjem til oss ser me at det har gått alt for lang tid før dei har fått oppfølgjing.

Anne Kverneland Bogsnes

Torsdag publiserte Nav statistikken som syner at det totalt sett blir færre uføretrygda i Noreg. Men medan talet på eldre uføretrygda dreg statistikken ned, aukar talet på uføretrygda mellom 18 og 29 år.

– Det er svært urovekkande, seier direktør i Nav Hordaland, Anne Kverneland Bogsnes.

Mange unge som tidlegare har gått på avklaringspengar er komme over på uføretrygd. Årsaka til at fleire unge er uføretrygda skuldast mellom anna ei stor auke i tal på unge med psykiske lidingar.

– Det er noko som burde ha vore fanga opp mykje tidlegare. Det burde vore teke tak i alt i barnehagen og barneskulen, på helsestasjon og i helsevesenet. Når dei kjem til oss ser me at det har gått alt for lang tid før dei har fått oppfølging.

– Alt i barnehagen kan ein sjå at nokon har ekstra behov og er litt utanfor, seier fylkesdirektøren.

LES OGSÅ: Knusende kritikk mot Nav: Bruker lengre tid og får færre i jobb

– Mange uføre droppar ut av skulen

Anne Kverneland Bogsnes

MANGE UNGE UFØRE: – Det er noko som burde vore fanga opp mykje tidlegare. Det burde vore teke tak i alt i barnehagen og barneskulen, på helsestasjon og i helsevesenet, seier fylkesdirektør for NAV i Hordaland Anne Kverneland Bogsnes.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Når problema til dei unge uføre har starta alt i svært ung alder, gjer det at mange sluttar på skulen når dei kjem opp på vidaregåande.

LES OGSÅ: Disse elevene får ikke samme suksesstilbud som Buskerud-elever

– Eg trur me er for redde for å ta det opp med familien, og så let me det gli. Så kjem dei over frå barnehagen til barneskulen, og så er det ingen som gjev beskjed vidare om at her er det ein elev som har utfordringar, seier Kverneland Bogsnes.

– Når dei så kjem til vidaregåande droppar dei ut. Og når dei blir «dropouts» er det etter kvart mange som kjem til oss.

– Urovekkande for samfunnet

I heila landet var 308.700 uføretrygda ved utgangen av juni i år, det er 9, 4 prosent av befolkninga over 18 år. Astrid Grasdal, førsteamanuensis ved Universitetet i Bergen, seier utviklinga er svært uheldig.

– Det er urovekkande for dei som går mot ei framtid med dårleg inntekt, og for samfunnet generelt.

Å delta i arbeidslivet er kjent som ein av faktorane som er viktige for å ha ein god livskvalitet. For samfunnet betyr fleire på uføretrygd, tapt arbeidskraft.

– Me treng den arbeidskrafta. Ikkje minst når me veit at dei som er i arbeid skal finansiere både pensjonar og helseutgiftene til det me veit er ei stadig større gruppe eldre, seier Grasdal.

Må betre lese – og skriveferdigheitene

Astrid Grasdal

MÅ STYRKE LESE-OG SKRIVEDUGLEIKEN: Astrid Grasdal, 1.-amanuensis ved Universitetet i Bergen, meiner noko av det viktigaste for å få ned talet på unge uføre er å gjere meir for at dei skal halde fram i skulen.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Ifølgje Grasdal er dei som ikkje maktar å delta i arbeidslivet typisk dei med låg kompetanse, helseproblem eller ein kombinasjon av dei to. Ho meiner arbeidsgjevarar kanskje ikkje ønskjer å tilsetje denne type arbeidskraft. Eit anna moment er at desse ungdomane konkurrerer med meir produktiv arbeidskraft frå andre land som Sverige, Polen og Litauen.

Grasdal meiner noko av det viktigaste ein kan gjere er å styrke arbeidet med dei grunnleggjande ferdigheitene i skulen.

– Mange av dei som går ut av ungdomsskulen med svært dårlege lese- og skrive ferdigheiter er dei som har det dårlegaste utgangspunktet for å starte på vidaregåande skule. Og det er der dei skal tileigne seg den kunnskapen arbeidsmarknaden trenger.

LES OGSÅ: Trygdemottaker: – Nav er bare krav

LES OGSÅ: Krever at flere sosialmottakere skal jobbe

– Uføretrygd kan «gå i arv»

Det er urovekkande for dei som går mot ei framtid med dårleg inntekt, og for samfunnet generelt.

Astrid Grasdal, 1.amanuensis Universitetet i Bergen

Ifølgje fylkesdirektør i Nav Hordaland Anne Kverneland Bogsnes, er dei som har uføre foreldre spesielt utsett for å sjølve bli uføre.

– Me opplever at barn med uføre foreldre er nokon av dei som har som ambisjonar om å bli som mor og far og bli uføre.

Sjølv om talet på uføretrygda på landsbasis går ned, er Bogsnes ikkje nøgd med å sjå at talet på unge uføre er stigande.

– Fleire av dei eldste går ut, men fleire unge kjem inn. Det likar eg ikkje. Ein må snakke om jobb alt i barnehagen og skulen, slik at ein ikkje går gjennom ein teoretisk skulegang utan å vite noko om arbeidslivet, meiner ho.

– Er det for lett å bli uføretrygda?

– Nei, det kan eg ikkje seie at det er. Dei som blir uføretrygda er ofte veldig sjuke, og har samansette problem med rus og psykiatri.

Siste video

Programleiar: Jan Børge Lervik
Forsvaret detonerte håndgranaten som onsdag ble funnet på parkeringsplassen ved legevakten.