Hopp til innhold

Shetland eit steg nærare sjølvstende

Det skotske parlamentet har bedt regjeringa svare på oppropet om folkeavstemming for Shetland si sjølvstende.

Norsk landsby på Shetland

SJØLVSTENDE?: Regjeringa må ta stilling til om bebuarane på Shetland skal få bestemme si eiga framtid. I så fall blir det to viktige folkeavstemmingar i Skottland til hausten. Her frå landsbyen Voe, som er kjend som den staden på øya som ser mest norsk ut.

Foto: Didier Piquer

Innbyggjarane på Shetland og naboøyene Orknøyene og Hebridane har tatt til orde for ei eiga avstemming etter den store skotske folkeavstemminga 18. september. Då skal skottane bestemme seg for om dei vil bli sjølvstendige frå storebroren i sør.

Bebuarane på dei skotske øygruppene vil også følgje med på ei eventuell lausriving frå Storbrittania, men ein god del av innbyggjarane på øyene vil meir.

For nyleg vart ein underskriftskampanje for eiga sjølvstendigheit – og for å erklære tette bånd til Norge – gjennomført i Skottland. Kampanjen vart gjennomført på det skotske parlamentet sine heimesider, og har fått brei støtte.

Regjeringa må svara

Oppropet har fått 1177 underskrifter på nettet og 135 skrivne signaturar. Dei som har skrive under på oppropet ynskjer ei eiga avstemming etter den store folkeavstemminga, der bebuarane på Shetland, Orknøyene og Hebridane skal ta stilling til to ting:

  • Om dei skal bli ein sjølvstendig nasjon, eller framleis vera ein del av Skottland
  • Dersom Skottland vert sjølvstendig, om øygruppene skal forlate Skottland og framleis vera ein del av Storbrittania.

Det var lenge usikkert om det skotske parlamentet i det heile tatt ville ta stilling til oppropet. Men tysdag førre veke bestemte parlamentet at den skotske regjeringa må svara om det blir ei ekstra avstemming i haust.

– Overveldande

Catriona Murray er ein av dei som står bak underskriftskampanjen. Ho er svært glad for at den skotske regjeringa no må sei sitt om forslaget om folkeavstemming.

– Vi er overvelda over støtta vi har teke imot hjå befolkninga på øyene og vi er nøgd med vedtaket i det skotske parlamentet. Vi er glad for at den skotske regjeringa no må ta stilling til det i nær framtid, seier Murray.

– Det er det same prinsippet som må gjeld for øybebuarane som for befolkninga i Skottland; det er opp til innbyggjarane å bestemme statusen for kvar vi bur.

Tette band til Norge

Er den skotske regjeringa positive til forslaget, ligg det altså an til å bli to store folkeavstemmingar i Skottland til hausten.

– Øybebuarar vil då vera i stand til å bestemme vår framtid på den einaste riktige måten, nemleg ved folkeavstemming, avsluttar Murray.

Det er nokre som heller vil at Shetland skal vera ein del av Norge, framfor eit nytt fritt Skottland. Men det er lite som tyder på at shetlendingane vil ta stilling til norsk medlemskap med det første.

I 400 år fram til rundt år 1500 var Shetland, som ligg midt i Nordsjøen mellom Vestlandet og Skottland, ein del av Norge. Øyene ligg 350 kilometer vest for Bergen, medan dei ligg 210 kilometer nord for det skotske fastlandet.

Også Orknøyene og øygruppene i Hebridane har vore del av norske kongerike tidleg på 1000-talet.