NRK Meny

Må sprenga vekk steinar

Statens vegvesen må sprenga vekk fleire av steinane som ligg i køyrebanen på E16 mellom Voss og Gudvangen. – Nokre er såpass store at dei må skytast vekk, seier trafikkoperatør Tom Hansen ved Vegtrafikksentralen. Vegen vil ikkje opna før tidlegast torsdag, men opprydding- og sikringsarbeidet kan ta lenger tid.

ras
Foto: NRK