NRK Meny
Normal

Må løna dobbelt opp med byråkratar i årevis

Eitt av måla med regionreforma er å spare pengar. Likevel får alle dei 5800 fylkestilsette i Hordaland og Sogn og Fjordane behalde jobbane sine i fem år.

Fylkestinga i Sogn og Fjordane og Hordaland samla på Gulating 27.oktober 2017

ALLE FÅR BLI: Fylkespolitikarane har sikra at alle tilsette får behalde jobben dei fyrste fem åra, og at ingen skal måtte flytte, når fylka blir slått saman.

Foto: Hordaland fylkeskommune

Det nye storfylket på Vestlandet får dobbelt opp når dei to fylka slår seg saman. To fylkesrådmenn, to samferdsledirektørar, to økonomidirektørar – for å nemne noko. Det trass i at eitt av måla ved samanslåinga er å drive meir kostnadseffektivt.

Ei avtale signert i april sikrar at ingen av dei 5800 tilsette skal bli sagt opp eller gå ned i lønn som følgje av fylkessamanslåinga på Vestlandet.

Avtala er inngått av dei tillitsvalde, politikarar og leiinga i Hordaland og Sogn og Fjordane, og gjeld i fem år.

Fagforeiningsleiar i Hordaland fylkeskommune Tore Andersen

GODT NØGD: Fagforeiningsleiar Tore Andersen meiner dei har fått til ei avtale som er bra for alle.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Vil skape ro – ikkje spare pengar

Fagforeiningsleiar Tore Andersen representerer dei tilsette i Hordaland fylkeskommune, og seier det vanlege etter avtaleverket er tre års stillingsvern.

– Vi prøvde oss på fem år og fekk det igjennom. Så då var vi veldig fornøgde, seier Andersen.

Fylkesordførarane i dei to fylkeskommunane, Jenny Følling (Sp) og Anne Gine Hestetun (Ap), seier avtalen er inngått for å skape ro.

– Det er viktig å ha dei tilsette med i den prosessen, og vi valde å vere litt rause, seier Følling.

Også i dei tilfella der funksjonar blir flytta frå til dømes Bergen til Leikanger, skal det leggast til rette for at tilsette skal sleppe å flytte dei første fem åra.

Hestetun understrekar at intensjonen ikkje er å spare pengar.

– Fryktar folk for jobben, klarer dei ikkje å bruke like mykje tid på å levere dei tenestene vi skal.

Fylkesordførarane Jenny Følling (Sp) og Anne Gine Hestetun (Ap)

VIL SKAPE RO: Dei to fylkesordførarane, Jenny Følling (Sp) og Anne Gine Hestetun (Ap), seier det viktigaste er å skape ro for dei tilsette. Her med fylkesrådmann Rune Haugsdal.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Fem år er mykje

Også Høgre meiner det er ein god idé at alle byråkratane og leiarane skal få vera med vidare.

– Eg trur det er fornuftig. Då får vi ro rundt samanslåinga, fordi alle kjenner seg trygge på at dei har eit arbeid å gå til, seier fylkespolitikar Silja Ekeland Bjørkly.

Professor ved Norges Handelshøyskole, Christine B. Meyer, meiner tidsperioden er i overkant lang.

– Eg synest kanskje fem år er lang tid, men verkemiddelet er kjent frå andre fusjonar. Eg trur det skaper ro. Då blir det også enklare å samarbeide for dei to fylkeskommunane.

Likevel meiner Meyer at avtalen kan ha utfordrande sider.

– Det må vere ein plan bak, slik at ein klarer å nedbemanne, og ikkje blir sittande igjen med doble funksjonar.

Forsvarar ordninga

Fylkesrådmann i Hordaland, Rune Haugsdal, som også får jobben i den nye fylkeskommunen, vedgår at ein ikkje bør gje offentlege tilsette mykje betre vilkår enn dei som jobbar i det private.

– Men vi er meir bekymra for at viktige tilsette vil slutte om vi ikkje skaper ro.

Han er likevel klar på at avtalen berre gjeld regionreforma. Om politikarane til dømes skulle vedta skulenedleggingar, vil lærarar og andre tilsette på skulane kunne bli sagt opp.