Hopp til innhold

Må lære seg fjellvettreglane

Hyppige leiteaksjonar i norske fjell gjer at Bergen Turlag ynskjer at utlandske turistar no lærer seg fjellvettreglane.

Leiteaksjon
Foto: Ronny Hjertås

- Eg trur mange utlandske turistar ikkje veit kva dei går til. Dei tar seg vatn over hovudet, og legg ut på turar dei absolutt ikkje er klare for, seier leiar i Bergen Turlag, Einar Grieg.

Dei er ikkje budde

Grieg meiner mange turistar veit for lite om både ver og utstyr til å leggje ut på tur åleine.

- Det er ein del av dei som kjem hit tidleg i sesongen som trur det er sommar. Dei er ikkje klare over at det kan liggje metervis med snø oppe i fjellsidene. I tillegg trur eg ikkje dei veit at veret kan skifte så raskt som det av og til gjer her. Sjølv om det er sol når ein legg ut på tur, kan det faktisk kome sludd dagen etterpå dersom ein er i høgfjellet, seier Grieg.

Er dei godt nok trena for å leggje ut på tur?

- Det er nok ein del som tek seg vatn over hovudet, seier Grieg.

Men det er kanskje ikkje så lett å seie til nokon at han eller ho ikkje ser ut til å vere godt nok trena?

- Nei, og det er vanskeleg å seie noko om kva føresetnadar dei har for å gå i fjellet.

Grieg fortel òg at mange reiser på tur utan riktig utstyr. Mange utlandske turistar er dårlege til å kle seg godt nok. Dei legg ut på tur i kortbukser og tek ikkje med seg varmare klede i tilfelle veret skiftar. Men når det gjeld kunnskap om kart og kompass er det like mange norske syndarar som utlandske.

- Mange kunne nok trengt å friska opp i kunnskapane om kart og kompass, seier Grieg.

Treng betre informasjon

- Viss ein tar kontakt med oss, eller går inn på nettsidene våre så finn ein lett fram til god informasjon. Men det er ikkje sikkert at alle turistar veit kven dei skal ta kontakt med. Det er ingen tvil om at turistnæringa har eit stort ansvar her når det gjeld opplysing og informasjon. Me kan ikkje berre syne fram glansbilete. Me må òg opplyse om til dømes kor skiftande veret kan vere og kva utstyr ein må ha for å kunne bevege seg i fjellet.