Må koke vatn på Askøy

Bebuarar på Askøy vert anbefalt å koke drikkevatnet sitt frå klokka 08 i dag. Dette gjeld folk som får vatn frå Kleppe vassverk, altså 15.000 personar. Årsaka er at eit reinsefilter i vassverket må skiftast. Arbeidet er venta å vere ferdig 29. oktober